Witch Club Satan på SALT (3.3.23)
Tusen takk til Ole Martin for lån av knakande gode bilete!
- For det var ikkje snakk om at eg skulle ta mine eigne denne kvelden. Eg hadde ikkje telefonen min oppe eit sekund - den låg i veska til kjæresten min. Telefon og alt anna som kunne distrahere meg skulle vekk - no var det endeleg tid for å oppleva Witch Club Satan, og eg skulle gi meg totalt til dette ritualet som eg har høyrt så mykje om - ei oppleving av dei sjeldne. Det blei det så absolutt!
Først må eg berre sei at SALT var den perfekte plassen for dette - heilt knall lokale med god lyd og god plass - me kom tidleg og stod heilt perfekt under heile greia, oppe på ei tribune der me hadde godt syn til scena.
Kvelden starta med VASSVIK. Ein groovy fyr med knusande god stemme og rå gitarspeling. Han satte verkeleg stemninga, både med kraftfull joik og gåsehudskapande strupesang! Alvorleg tala - det vibrerte i heile lokalet. Det var ei fysisk oppleving som mesteparten i salen blei drege med i. Ufatteleg kult!
Så var det klart for Witch Club Satan. Eg har følgt med på denne trioen sidan starten, og har alltid visst at dei kom til å koma med noko bra. Låtane dei har gitt ut så langt har slått meg direkte i mellomgolvet gjentekne gonger og sendt meg tilbake til den tida då svartmetall var det aller viktigaste i livet mitt. Heile uttrykket deira, heile pakken har vore spennande og nyskapande. Eg har både lest og høyrt mykje om korleis dette gjer seg live. Det er ikkje berre ein konsert, men eit teaterstykke - blir det sagt. Eg er einig.
For det første - den måten dei bygde opp til konserten var heilt perfekt. Ein stemningssettande soundtrack full av både vakre og ubehagelege tonar i forkant, røykelse som blir frambrakt av ein kappekledd skikkelse og masse, masse røyk. Plutseleg står dei der, og ritualet kan starta.
Eit primitivt damplokomotiv rett frå 90-talet tek den stappfulle salen med på ein helsikes tur inn i ei tid der svartmetallen er ny, men framleis slik den alltid har vært. Det som slår meg først er kor ufatteleg bra stemmer dei alle tre har. Det er så mykje sinne, så mykje nerve, så kraftfullt primitivt og stygt. Eg elskar det! Tromminga til Johanna Kleive bankar stødig og kraftig, riffa til Nikoline Spjelkavik vrenger seg gjennom publikum og bassen til Victoria Røising gir salen eit kollektivt magesug. Trioen er heilt inne i det dei driv med, og det tek skikkeleg tak i meg.
Denne sabbaten er alt anna enn kjedeleg. Plutseleg får me servert ei dikt-framføring som er så sår og vakker at det er som å bli vekt opp frå ein stygg draum av ei trøystande, vakker stemme. “Black metal ist krieg!” blir skreke ut, etterfulgt av ein hekselatter som gir meg frysningar langt nedover ryggen. Publikum blir kasta frå det primitive og stygge inn i noko vakkert når dei tre stiller seg opp og syng for oss. Så blir me røska tilbake til svartmetallen igjen. Det er ein urkraft over det heile. Stemninga kan kuttast i med kniv.
Eg vil ha meir. Dei gir meg meir med både stagedives og ein botnsolid framføring av “Solace Sisters” - kamplåta som kom ut for litt sidan. Å få høyre den live var ein draum.
Dette var, som sagt, ei oppleving av dei sjeldne. Og eg vil råda alle musikkinteresserte menneske som les dette å få dei med seg. Witch Club Satan er i ein klasse for seg sjølv og har pusta liv i ein sjanger som for meg har mangla eit friskt pust i lang tid.
Eg ser fram til neste gong!
Patrick Fardal