Haust - Fuck the war pigs!

Dei fleste har fått med seg at Haust er tilbake. Det er skikkeleg stort! Eit meir legendarisk band skal du leita lenge etter. Dei reiste seg frå grava med låta “Dead Ringer” for litt sidan, og no legg dei ned lova med bangeren “Left to Die”. Gjennom rågode Kristian Kallevik (Fysisk Format) fekk eg kontakt med Vebjørn, og me kom fram til at ein Norges-premiere på låta var heilt på sin plass. Ville tilstander der, altså.

Foto: Mathis Kleeb

Sjølv seier Vebjørn dette om “Left to die”;

En punkebanger som låner skrikende tremologitar fra band som Aura Noir og Darkthrone. I velkjent Haust-stil handler låta om frykt og avsky for dobbeltmoralske holdninger i samfunnet. Med likhetstrekk til den gamle Haustlåta Anti-Reproductive males det fram et bekmørkt og
iskaldt Norge.

I tillegg til dette får Evig Lyttar lov til å dele ei veldig aktuell speleliste som Vebjørn har jobba med;

Left to die” er vår War Pigs, og i disse tider føles det ekstra viktig å vise avsky mot krig og våpen og all jævelskap som følger med det. Vi har laget en spilleliste med anti-krigslåter som du kan høre på hvis du ikke får nok av låta.

Start helga di med dette, for det er ei kraftpakke. Føkk krig!


Patrick Fardal