Beaten To Death (så veldig) på TÆPS

Veit du kva? 2024 er året for å inrømma sine feil. Eg skal eiga dei, tru meg, men det kan dessverre ikkje endrast. Heldigvis, på grunn av den fantastiske redaksjonen eg er ein del av, blei Beaten To Death - Sunrise Over Rigor Mortis med på topplista vår - samla sett. Eg sat på bussen heim (no nettopp) og skulle berre sjekka den individuelle lista mi (Patrick) - for eg lurte på om eg hadde fucka opp. Der har BTD rett og slett ikkje kome med. Eg kan ikkje anna enn å beklaga! Livet skjer og alt det der. Den skulle så absolutt ha vore der. Men no sit eg her, klokka 2325, etter å ha kome heim med siste buss ut til Øyenkilen, for å skriva litt. For- sjølv om dei ikkje blei med på lista mi, så gjennomførte dei nettopp årets sjukaste konsert - på TÆPS i Fredrikstad.

Kall meg Krampus, kall meg Grinchen eller fuckings Ebenezer Scrooge - men julestemninga kom endeleg til meg også, altså. Fytti helvete for ein konsert som blei hamra rett inn i sjela til menneska som var så heldige å henga på TÆPS denne kvelden. Grensesprengande, enorme saker. Eg stod bokstaveleg talt på kne undervegs. Maktdemonstrasjon frå start til ende. Gjennom den ustoppelege energien til vokalist Anders - som hadde både scena, baren og publikum rundt lillefingeren i løpet av 3 sekund, backa av stødige slag frå Christian og enorm riffing frå Martin, Tommy og Mika på gitar og bass. Du dyre, grøne, glitrande satan så nydeleg, kraftig og utruleg gøy! Publikum fekk servert noko dei seint vil gløyma i kveld, det kan eg skriva under på med deler av meg sjølv. “Extremely Run to the Hills”, “Ormer til tarmer, maane på hodet”, “Xes and Strokes” og “Eternal Punished Septic” er berre eit utvalg av dei 24 (trur eg?) låtane me fekk klaska i trynet denne kvelden.

Eg har sett BTD før, men i kveld var dei frå eit heilt anna univers. Fy faen. Bandet, miksen, stemninga - alt klaffa så til dei helvetes grader.

Takk, sorry og eg eg elskar dykk. Den beste konserten frå 2024 går til Beaten To Death!

TÆPS - kva skulle eg gjort utan dykk? Dag Kopperud - du er magi. Alle som var på jobb - takk for at de skapa tryggheit og god stemning gjennom kvelden.

Akkurat no så har eg nådd eit høgdepunkt og eg slit litt med å landa

Videoen av Saga som diggar til BTD sin musikk er på veg.

Patrick Fardal