The IV - I am the moon, you are the sun
No blei eg skikkeleg glad!
Om det er ein ting eg veit, så er det at prosjekt Ingvild Nærum er ein del av berre blir akkurat det eg elsker og treng. Slik var det med Ē, og slik er det også no med nyaste prosjekt The IV. grom bass i sentrum, svevande riffing, fengande trommer, råfin, melankolsk vokal - rett og slett knallsterk, klassisk post-punk. Det er ikkje mykje å finna av slikt no om dagen, så dette rørte meg faktisk skikkeleg.
THE IV består av Ingvild (Are You Having Fun Yet, Ē), Per Åsmund Reymert (Dead Movie Animals, Despereaux) og Peter Hiley (Are You Having Fun Yet, Gold Celeste, Mats Wawa, The Wit). Sterkt, veldig sterkt.
Første låt frå det nye prosjektet heiter “I am the moon, you are the sun”, og er eit forsøk på å utfordre eit mønster der man opphøyer andre og ikkje tør å føla seg viktig på eiga hand.
I dag er det fullmåne, så då passar det seg å gi deg denne låta på eit skikkeleg fint sølvfat.
Dette lovar ufatteleg godt. Gi meg masse, masse meir!
Nyt låta, ta vare på deg sjølv og få med deg bodskapet!
Patrick Fardal