Jarand sine favorittar frå 2024

Listesesong atter ein gong! Det er først når eg ser dei ferdige listene at eg igjen minnast kor mykje bra musikk som vert skrive kvart år, ikkje minst her i landet. Kryssar fingrane for like høg kvalitet og variasjon i året som kjem.

Først, eit par etternølarar som blei gitt ut etter listefristen. Både WZRD ─ Elements og DeWolff – Muscle Shoals skal nemnast, høgst anbefalt å sjekke ut. God lesing.

NORSKE FAVORITTAR

1. Frøkedal ─ STAY

Det er noko forlokkande med heile pakka til Frøkedal, ta eit kjapt blikk på coveret så skjønar du kva eg meiner. Motivet speglar så godt den eventyrlege musikken hennar, den kjennes så kjær og frisk ut på ei og same tid. Folketonane er vevd inn i rocken på beste vis. Eg får akutt trong til å bu åleine i skogen, med berre pedalbrett, fele og strikkagensar som selskap. Eg fekk attpåtil moglegheita til å sjå dette live i fjor og det unner eg deg å oppleve.

2. Heave Blood & Die ─ Burnout Codes

Botnsolid levert frå Tromsø. Post People (2021) sendte bandet på stø kurs mot postrock-land og Burnout Codes finjusterte oppskrifta. Søken etter det jagande uttrykket er intens og deilig. Bandet balanserer hårfint mellom såre augneblink og fengande synthparti, det osar eigenart.

3. Motorpsycho ─ NEIGH!!

Dersom denne plata leiar bandet vidare på same sporet i 2025, er det berre å glede seg. Seig rock, leikne melodiar og skrangletrommer, det er alt du treng å vite.

4. Thomas Dybdahl ─ Teenage Astronauts

Eit rørande univers som røskar litt i hjarterota. Det er ein barnleg eller uskuldig kjensle her som treff meg skikkeleg. Den heng i gjennom alle låtane sjølv på det mest grandiose. Instrumenteringa har verkeleg blitt utarbeidd her, for ein rå atmosfære desse låtane badar i.

5. Fangst ─ Fangst Sinatra 

«Gatelangs» åleine er grunn god nok til å høyre denne plata. Rockete rock blir aldri gammalt, det er Fangst beviset på.

6. Hammok ─ Look How Long Lasting Everything Is Moving Forward For Once

Eg kan kjenne moshpiten kalle når Hammok dreg i gong. Å lage hardcore med nerve utan å gjenta seg sjølv er eit godt stykke arbeid. Krona på verket er ein framifrå eksplosiv produksjon som gir låtane slagkrafta dei fortener. Desperasjon, angst og håp i ei krutsterk gryte.

7. Varpet ─ Varpet

Ein framifrå gjeng som mekkar deilig og friflytande instrumentalmusikk. Det dansast rundt fleire sjangrar medan eit melodiøst gitarspel står for driven. Denne gjer seg aller best mutters åleine på vidda rundt eit bål.

8. Slomosa ─ Tundra Rock

Slomosa har hatt ein fenomenal vekst på bakgrunn av debutplata. Tundra Rock er ein meget verdig oppfølger til debutplata, som syner bandet strekke seg nokre hakk lenger. Rice og Battling Guns er høgdepunkt eg stadig vender tilbake til.

9. Kanaan, Ævestaden ─ Langt, langt vekk

Eg såg det ikkje kome, men denne fusjonen er utan tvil noko av det mest spanande på ei stund. Saman har dei opna døra til eit fargerikt spel, kor jagande jazzrock byr folkemusikken opp til dans.

10. Pushwagnergruppen ─ Pushwagnergruppen

Endå eit prosjekt som overraska positivt. Ein punketrio med rom for både galskap, humor og ein stygg dose fuzz. Forfriskande!

11. Daman Shurek ─ Sunshine

12. The Verge ─ The Verge

13. Haust ─ Negative Music

14. Engstelig ─ Bare De Daue Leve Evig

15. Pom Poko ─ Champion

16. Alexander Pettersen ─ Supply/Demand

17. ØKSE ─ ØKSE

18. Full Earth ─ Cloud Sculptors

19. I Like To Sleep ─ Bedmonster’s Groove

20. Barren Womb ─ Chemical Tardigrade

UTANLANDSKE FAVORITTAR

1. IDLES ─ TANGK

Etter CRAWLER (2021) var det var på høg tid med påfyll frå denne gjengen. Eg føretrekk bandet når dei sjauar som best, men TANGK overtyder meg om at kjensleladde og ømme IDLES held like høg kvalitet. Tekstane stikk djupare enn før, samstundes som Joe Talbot får slenge bra med leppa på låtar som «Gift Horse» og «Hall & Oates». Vakker og viktig plate.

2. Godspeed You! Black Emperor ─ “NO TITLE AS OF 13 FEBRUARY 2024 28,340 DEAD”

Me skal vidare inn mot støyens kjerne. Me snakkar eit lydunivers som få andre greier å matche. Eg er grøn av misunning over at nokon greier å skape så levande instrumentalmusikk. Som skapt for lange kollektivreiser.

3. Tyler, The Creator ─ CHROMAKOPIA

Kreativt overskot i alle ledd. Eg elskar at han gjer det så gjennomført, frå store visuelle inntrykk til små instrumentale detaljer.

4. Shellac ─ To All Trains

Shellac kokar rock ned til primitive bestanddelar og minner meg på kvifor det enkle ofte erdet beste. Ideane are ukompliserte og verkar tidvis impulsive. Det som skulle bli den siste plata med Steve Albini står støtt som ein hyllest til den deilige støyen.

5. Joey Valence & Brae ─ NO HANDS

Ein klisjefylt godtepose som er vanskeleg å leggje ifrå seg. Beatsa, sjangermiksen og vokalen er tatt så på kornet at eg må berre applaudere. Denne har skyhøg underhaldningsverdi.

6. Nick Cave & The Bad Seeds ─ Wild God

Få skriv med sånn sjølvtillit som Nick Cave, og dei halvepiske balladane hans går aldri av moten. Rockepoesi, rett og slett.

7. Whores ─ War.

Ugggh. Skittent og breibeint. Godt nokon representerer på sludge-fronten.

8. Pijn ─ From Low Beams Of Hope

For eit beist. Pijn får utbrodert tungrock til å smelte mot øyrene. Dersom Mastodon og Maruja skulle ha starta band saman.

9. Dirty Three ─ Love changes everything

Eit namn som var totalt ukjend for meg. Denne vakre australske godbiten kom inn frå sidelinja i siste liten og fengsla meg ei god stund. Plata bygger oppover og oppover mot intet, her er det berre å forelske seg i dei endelause temaene.

10. Bonnie Prince Billy ─ Hear The Children Sing The Evidence

Hear The Cildren Sing The Evidence har eit repetetativt element som gjer at tida stoppar opp. Enkle men frykteleg effektive komposisjonar. Meditativt som berre det.

11. Tramhaus ─ The First Exit

12. Kendrick Lamar ─ GNX

13. Ty Segall ─ Love Rudiments

14. The Smile ─ Wall Of Eyes 

15. Daniel Romano ─ Too Hot To Sleep 

16. Osees ─ SORCS 80

17. Foxing ─ S/T

18. Adrianne Lenker ─ Bright Future

19. High On Fire ─ Cometh The Storm

20. Ducks Ltd. ─ Harm’s Way

BLANDA EP

Shiner ─ The Screen Remains My Favorite 

Maruja ─ Connla’s Well

Fangst ─ Årets avhopper 

Touchdown Jesus ─ You Must Not Know Who You Are To Them

JOYLESS ─ Friends

Fc.kleinstadt ─ mit steigender drehzahl

Neon Horse ─ Habit of Creature

Hayeminol ─ Bubblegum and other Nutritious Meals

NORSKE SINGLAR

Honningbarna ─ Rød bic

Cloud People ─ Chemtrails

King Hüsky ─ Running

Brenn. ─ Den følelsen

SPEKKHOGGER ─ Dommedagsjazz

Motorpsycho ─ Core Memory Corrupt

Krokofant ─ Harry Davidson

WIZRD ─ Eternity’s Breath

Jarand Aga Baas