Klå'a Festivalen 2018
Det er så kult å sjå at så mange undergrunnsfestivalar lagar liv i leiren. Klåa er ein av desse. Det som er trist, er at festivalen går av stabelen for andre og siste gong no den 23.juni. Festivalen blei starta som eit plaster på såret for dei som ville selge Tons Of Rock passa sine då Blink 182 kansellerte fjorårets gig i Halden:
Det blir altså ein ny Klå'a i måro, men det blir den siste. Band som Korrupt, Forgetaboutit, Still Shaking, Exploding Head Syndrome og The Skullingtons deltek, så dei som likar punk burde ta turen dit. Quarterpipen er ferdig bygd og går rett ut i vatnet, så det burde jo bli kanonkjekt. Det oppfordrast til å ta med sin eigen øl og litt til banda, sidan dei tross alt opptrer gratis. Grillmat bør også medbringast, venuen stiller med tønnegrill.
Ta deg ein tur, nyt god musikk, mat og drikke og kast deg i sjøen! Støtt opp, for svarte svingande.
Patrick Fardal