Tunghørt 2016 - Høyreapparat, nakkesleng, feit merch og rein lidenskap
Jau, det bildet over er av meg (Patrick). Flott sant? Irene tok det med eit analogt Hasselblad-kamera. Personleg synst eg det er dødskult. Men poenget er dette: Den fyren over her gledar seg heilt vilt til Tunghørt 2016. La meg forklara deg kvifor:
Stavanger har hatt mykje å seie for Evig Lyttar. Når eg starta denne sida fekk eg kjapt kontakt med Siloen Booking og resten av miljøet i Stavanger-området, og for ein gjeng det er. Eg har aldri vore der før, men eg føler meg allereie heime i den byen, som om eg høyrer til. Du anar ikkje kor deilig det er å møte likesinna folk som brenn for det same som deg. I Stavanger er DIY-ånden og kjærleiken for undergrunnenn så sterk at INGEN kan øydelegga det. Her snakkar me om folk som jobbar steinhardt for å få bra musikk ut til folket, som har det som si livs oppgåve skyte undergrunnen i været. Kor tøft er ikkje det??
Det er mange ting eg gledar meg til å gjere under årets Tunghørt. Ikkje berre skal eg få helsa på alle desse fantastiske personane, men eg skal få sjå ein heil bråte med band! Mange av desse banda har eg allereie skreve om på Evig Lyttar, mange av dei er sjølve grunnen til at sida mi eksisterer. I tillegg så er det utruleg masse anna feitt som skjer desse to dagane. Blant anna skal Punkebjartes Punkeplater selge masse feitt, men han skal også spele med bandet sitt Balle Malurt på vorset, noko eg verkeleg ser fram til. Bjarte er ein nydeleg fyr som jobbar steinhardt for å spre rå musikk til folket, og no har han jaggu fått trykt seg opp t-skjorter også! Kjøp ein om du kan, og støtt han om mogleg, dette er ein fyr som berre MÅ holde seg aktiv i undergrunnen!
Ellers så har du det glinsande nye klesmerket Darkhan (eller d4rkh4n om du vil). Dette er endå eit unikt lidenskapsprosjekt som absolutt må støttast. Unike og råe t-skjorter og anna stasj! Eg tør å påstå at det ikkje finst noko liknande der ute, heilt alvorleg.
Uansett. Om du kjem på festivalen må du for all del kose deg i hjel, ta vare på deg sjøl og hjelp andre om det ser ut som dei treng det. Verda er så fucked up for tida, men den norske undergrunnen skal faen meg halde saman, ikkje sant? Me skal behandla kvarandre med respekt, hjelpa kvarandre fram og berre nyta musikken ilag1 Dette er iallefall min visjon av kva den norske undergrunnen er; Eit stadig veksande miljø med lidenskapelege folk som berre ynskjer å drive på med det dei elskar, og som gir alt (og då meiner eg ALT) for å få det til å gå rundt. Dei inspirerer kvarandre og pushar kvarandre til å laga den beste musikken Noreg har å tilby, den kulaste merchen, dei tøffaste platecovra, og alt det der. Its a beautiful thing!
Eg gledar meg heilt vilt til å møta dykk alle som ein i helga, dette blir knalltøft. Saman skal me legge Tou Scene i ruinar!
Eg legg til den spelelista eg la ut i går her også, for du kan verkeleg ikkje få knust nok tv-ar eller kasta nok stolar ut vindauget!
-Patrick K Fardal