John Olav Nilsen & Nordsjøen - Inn I Min Tid
For nokre år sidan var eg ein skikkeleg, skikkeleg heftig fan av John Olav Nilsen & Gjengen. Eg høyrte konstant på platene deira, og følgte med på kvar einaste oppdatering. Det heile begynte når eg såg eit youtube-opptak frå Spelleman då dei spelte "Hull I Himmelen" live. Det skjedde noko med meg då, noko fantastisk. Eg var i ein periode der eg trengte å oppleva noko anna enn punk, metal Bob Dylan og Joy Division. Det kan faktisk godt hende at John Olav Nilsen & Gjengen var min "gatewaydrug" vidare inn i ein ny favorittsjanger - norsk musikk. Det var noko med den ekte stemma som sang på ekte dialekt. Ein kunne forstå kvart einaste ord, høyre desperasjonen, høyre dei falske tonane, høyre alt. Nakent og nydeleg.
Så kom nyheita om at gjengen var over, og sakte men sikkert forsvann også interessa mi for gruppa. Så, for ei tid tilbake, høyrde eg eit elektronika-prosjekt John Olav og ein anna person dreiv på med, og fekk dessverre mindre lyst til å høyre på det han kom ut med. Men for nokre dagar sidan fekk eg nyheiter om at fyren var på plass att bak mikrofonen, saman med nokon frå den originale gjengen. Spennande, dette måtte eg jo sjekka ut!
"Inn I Min Tid" er som ei vidareføring av den siste plata til John & Gjengen. Lydane er der, referansane frå gjengen er på plass, men det er likevel noko nytt over det heile. Eg likar stemninga, eg likar refrenget, sjølv om noko av synthen og noko av synginga opplevast litt klisje-aktig.
Men det er absolutt knallgode nyheiter at desse karane er tilbake der dei høyrer heime, for eg merkar verkeleg kor mykje eg har sakna desse kryptiske tekstane, det varme lydbiletet og den ekte vokalen. Gledar meg til å følgje med vidare!
Sjekk ut låta nedanfor!
-Patrick K Fardal