Hjerteslag - Vannmann86
Endeleg er Hjerteslag tilbake. Endeleg får me ein ny dose med punkarane som speler pop, sjølv om eg ikkje høyrer så alt for mykje pop her (det har eg vel eigentleg aldri gjort med Hjerteslag, men det kjem vel an på øyret som høyrer). Har dei køyrt det "safe" og herma etter den kritikarroste debutplata Møhlenpris Motell, eller har dei teke det skumle steget vidare med noko nytt?
Det er vel ingen tvil i det heile kven som har laga denne plata. Hjerteslag har vel alltid hatt ein heilt unik sound, og om noko representerer Bergen (byen eg budde i over rundt 7 år) for meg må det bli denne gjengen. Sjølv om eg no er i Sogndal er det som å gå i Olav Kyrres Gate i regnvær, som å ta ti øl på Garage, som å handla plater på Apollon, som å sitte på bussen etter ei nattevakt mens byen vaknar når eg høyrer på denne plata. Eg kjenner eit sakn, ikkje berre etter miljøet og venner, men etter byen i seg sjølv. Soundtrack til livet i Bergen by rett og slett.
Den første låta som skil seg ut som ein katt i ein hundeflokk er "Vestindia". Fyttigrisen for eit refreng, steike for ei oppbygning. Stemninga er så fortryllande, og gitarane så varme og mørke, koringa er så bra gjennomført at det er ei rein fryd å høyra på.
Ein av dei tinga som fascinerer meg med Hjerteslag er vokalist og knakande god historieforteljar Robert Eidevik. Det er ein glede å høyre på stemma hans, uansett om eg forstår meininga bak det han seier eller ikkje. Dette kjem ekstra godt fram i låta "En Fiende Krysser Mine Spor". Han snakkar til nokon, men eg blir dradd med, eg ser det føre meg.
Det er noko meir episk over denne plata. Frå den intense stemninga i "Hellig Krig" til den litt meir klassiske Hjerteslag-aktige "Crazy Oktober" opplevast denne plata som ein einaste stor variasjon av favorittlåta mi frå tidlegare, "Høyblokk". Og det diggar eg på alle moglege måtar. Eg vil ikkje sei at du får eit meir "vaksent" og "modent" Hjerteslag denne gongen, for dei har alltid vore ganske vaksne og modne etter mi meining. Du får meir av det som gjer Hjerteslag tøft, så enkelt er det.
4.5/5 TRYNER!
-Patrick K Fardal