Tunghørt Dag 1

I går sparka Tunghørt i gang på Tou Scene, og det skulle visa seg å bli ei knakande kjekk oppleving. For det første fekk eg møta alle dei personane eg har hatt kontakt med men aldri sett "live", for det andre har jo Tunghørt den aller feitaste lineupen i år, som eg har sagt før. Folk kom, øla flomma, det blei solgt veggis-mat og merch. Stemninga var kanon!

 

Evig Lyttars eminente fotograf Irene var med på festen, og fekk teke nokre knakande kjekke bilder, mens eg sprang rundt med ei notatbok og såg sikkert heilt rar ut når eg stod der og skreiv febrilsk etter konsertane, og øla fekk eit meir og meir tydeleg preg over pennen min. 

Det heile starta med bandet Avast (som består av 3 Siloen Booking-medlemmer). Hans Olaf, Trond og Ørjan rigga seg klar på scena og klokka 20.00 var det klart for start.

avast_band1.jpg

Det første eg merka er at Avast veit korleis dei skal starte ein festival. Lidenskapelege og fokuserte karar altså! Damn. Trommis Ørjan slo buksene av meg og vokalist Hans Olaf skreik så det gjalla i murveggane. Gitaren til Trond var også feit, men ikkje høgdepunktet. Avast er ein trio, men med lyden dei produserte var det vanskeleg å ikkje forestille seg ein gitar og bass til på scena. Lydbildet var som ein altoppslukande foss som sakte druknar deg i panikk og rein terror. Kanskje litt mykje aaaaaaaaaaah-skriking, litt like låtar, men på same tid ein perfekt miks mellom hardtslåande parti og rolege parti (som minnar meg om eksperimental-bandet MONO).

IMG_7364.jpg

Neste band ut var Dawn Of Retaliation. Det første som slo meg var kor mykje stemma til vokalisten passa til fjeset hans. Han såg forferdeleg sint ut, og vokalen var så mørk at blodårene mine fraus til is. Han såg snill ut når han snakka med lydmannen, men han blei ein anna person under låtane. Det verkeleg sjuke med dette bandet må være trommisen. Har du sett den videoen av han galne trommisen i det ZZ-Top coverbandet som klikker bananas bak trommesettet? Sånn var denne trommisen her. Fy flate. I tillegg følte eg at trommene fungerte som sånn "DragonBall Z slag" i magen. Gitarane var veldig forvrengte, og det var litt vanskelig å høyre alt, men ellers var det ein kul konsert. Trommisen går av med sigeren då, absolutt. Underhaldning!

IMG_7567.jpg

Tredje band ut var Lik, som garantert hadde ein av dei mest energiske vokalistane denne kvelden. Kinaputt for alle pengane, hoppa og sendte mikrofonen rundt til publikum. Bra lydnivå også! Litt grautete lyd, men om noko kan symbolisere essensen av navnet Tunghørt så må det være dette bandet. 

Sassy Kraimspri er ei gruppe eg lenge har gleda meg til å sjå, og fy flate så dei infridde. Dei hadde ikkje spelt live sidan juli, så eg trur det klødde i både fingrar og strupar når dei no skulle innta scena under Tunghørtfestivalen. Vokalist Ida sa at dei sikkert høyrtes ut som pop-punk i forhold til resten, men dette er noko av det råaste eg såg i går altså. Dritbra gitarlyd, fantastisk samspel og humor, ein skikkeleg karismatisk vokalist som fekk med seg publikum og tøffe låtar. "Better Listen" var ei flunkande ny låt, men også den beste dei spelte. Bra greier!

Neste band ut var Vengeance of Karma. Med ein gong dei starta fekk eg ein skikkeleg trang til rive av meg skjegget. Nei, dette er ikkje negativt. Men det høyrtes ut som om nokon knuste to glassplater og kjøyrte bitane inn i øyregangane mine. Fy flate for eit trøkk! I tillegg hadde dei to vokalister, ein som skreik lyst, og ein anna som heldt seg i den mørkare delen av spekteret. Dette er eg ikkje vant til, men det fungerte som berre det. Tøft svenskt band eg vil høyre meir av! Dei hadde også nokre parti i låtane sine som fekk svartmetal-headbanging til å virke som noko pysete. 

Nest siste band ute var Hold Fast. Dette er ein energisk gjeng, men publikum hadde ikkje så lett for å bli med på leiken i starten. Vokalist Espen Håland sprang rundt og prøvde å starte festen, og publikum tok jo etterkvart opp til noko som minna om moshing og innlevelse. Espen og resten av bandet laga iallefall ein sinnsvakt god stemning, det skal seiast. Slutten tok seg jævlig opp, då ein god dose av publikum reiv seg opp på scena for å avslutte showet med låta "Hold Fast". Tøft.

For å avslutte det heile kom det mest rølpete hardcorepunk-bandet eg veit om på scena. The Good The Bad and the Zugly er eit band eg har sett nokre gonger no, men fytti katta for eit show dette blei. Vokalisten såg ut som han hadde konsumert litt for mykje veske i forkant av konserten, men det hjalp faktisk på både vokal og show. Eg skreiv dette etter konserten: "Vokkis såg alt for full ut, men hadde batteri og rakett oppi ræva så det holdt". Resten av bandet var også i sitt ess, og det heile var ein rein, rølpete fest full av skrikevokal, soloar og alkohol. Tøft!

Dette var rett og slett ein bra start på denne todagars-festivalen, og no må eg straks springe på vorset før neste del gyver laus på meg. Men, eg legger ein bildeserie frå gårsdagen under her som du kan nyta!