Tunghørt Dag 2
Har nettopp våkna etter årets avslutning på ein kort og kraftfull festival. Halsen er øydelagt, nakkeslengen er på plass og etter ein kaffikopp og litt bilderedigering ser eg tilbake på dei to siste dagane med ein glede eg sjelden kjenner. Dette har vore knalltøft frå start til slutt, og siste dagen på Tunghørt var ubeskriveleg feitt. Det var to band som stakk av med sigeren denne kvelden, men dette kjem me til snart!
Først av alt må eg berre seie at dette er den kulaste "Evig Lyttar-gigen" eg har gjort. Det å få være med på Tunghørt har vore heilt rått for meg, og det blei betre enn eg hadde trudd. Kjærleiken var til å ta og føle på heile tida, eg møtte sinnsvakt masse fantastiske folk og fekk sett ein heil haug med band som leverte 150%. Dette er jo for pokker det undergrunnen handlar om, right? Likesinna folk som kastar seg i piten saman med både blod, svette, tårer og tinnitus? Berre leve seg så langt inn i musikken som mulig saman, og kome heilskinna ut på den andre sida når alt er over. Rett og slett deilig!
Men for all del, no må me snakka litt om banda som spelte i går. Eg har fått summa meg litt no, sjølv om det er rein forbaska tortur å trykke trynet mitt inntil ein skjerm akkurat no.
Dangerface var bandet som starta kalaset i går, og dette er eit heilt flunkande nytt band som nettopp blei ferdig med sangane sine og setlista si rett før festivalen. Vokalist Michael Myklebust er ein del av Siloen Booking også, så det var spennande å sjå han gripa eit godt tak rundt mikrofonen.
Det første som slo meg med Dangerface var at det var skikkeleg bra driv i låtane. Det flaut godt og bandet heldt koken heile tida. Vokalen var knalltøff! Nokre av partia kunne kanskje minna litt mykje om gammal Gallows, men kven blir ikkje inspirert av dei i dag? Bandet gjorde det uansett til sin eigen greie. Vokalisten tok seg av mesteparten av hopping og spretting, og det var ikkje alltid like lett å følgje med, men det funka. Den stivaste på scena må nok bli bassisten, då det såg litt kleint ut for han å stå der, men det var ikkje så tydeleg! Gleder meg til å både sjå og høyre meir frå Dangerface, absolutt!
Neste band ut har eg venta lenge på å sjå. NAG ga for litt sidan ut ei knalltøff plate, og låtane blei rett og slett endå betre live. Alle tre skreik og hylte, Espen Håland (Hold Fast) knuste trommesettet i biter, og alt berre osa av oljekrise og rein desperasjon. Dette er tre karar som verkeleg berer nag til noko, kva enn det er. Hovudvokalen kunne vore betre, men resten satt som spikra naglar i eit blodig kors! Headbanging, total knusefaktor og piggtrå i øyrene.
Machete var band nummer tre ut. Dette er eit tøft band eg har høyrt mykje på, så var kult å endeleg sjå dei live. Låtane var fengjande som berre fy dei, og Machete har ein kul frontmann og bra musikarar, men bandet var litt vanskeleg å skilje ut frå mengda, det kom liksom ikkje noko klimaks. Men for all del, tøft var det!
Tirades er eit band eg kjenner godt til, og eg har jo sett dei nokre gonger no, men fy flate. Desidert den beste konserten eg har sett med denne gjengen. Litt slapp start, men det tok seg heilt heilt opp litt uti settet. Ein sjelden gong, når eg ser eit band live, kan eg få noko over meg som gjer at eg mistar totalt kontroll og berre må knuse noko. To band ga meg denne kjensla i går, det eine var fuckings Tirades. Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei. Nakkeslengen kan eg iallefall spore tilbake til desse karane her, utan tvil. Nakkeslengen og litt av den såre halsen. Og garantert det eine blåmerket eg har på magen. Men det er berre rein ekstase! Tusen takk.
Kaos Kaos Kaos. Beaten To Death var søren steike meg vilt. Ein liten vokalist med den sjukaste stemma eg har høyrt som springer rundt til han berre står i skjortsen eller bokseren sin og spyr ut uforståelege tekstar i trynet på publikum. Jævlig tøff konsert, og bra musikk, men ikkje heilt min kopp te. Det blir liksom ikkje for brutalt eller kjapt, men det føltes litt for mykje som å dra ei remse med piggtrå att og fram gjennom øyrene, om du skjønner. Energisk var det jo då, uten tvil.
Totalt Jävla Mörker. To vokalister. Eit damptog som køyrer over deg og knefter alt av bein, kjøtt og spruter hjernemassa di utover golvet. Neidå, jau faktisk! Energi, headbanging og faenskap. Dette er eit band som gir deg magesug og vrenger innsida av kroppen din så du ikkje kjenner deg sjølv igjen. Eg endte opp med å ville bli politisk engasjert liksom! Eine stikkordet eg skreiv var vel vakkert kaos, noko eg står ved i dag etter å ha reflektert litt. Vakkert kaos beskriv det heile på ein god måte. Reine, brutale kjensler, tøffe vokalar og bra stemning!
Då var det klart for kveldens høgdepunkt, og det kjem frå eit band som endå ikkje har gitt ut noko! Ormskrik løfta meg opp frå bakken og slengte meg rundt i rommet som ei filledukke. Med ein vokalist som godt kunne vore på scena saman med Purified In Blood. Alt klaffa på denne konserten, og Siloen gjorde heilt forbaska riktig valg ved å putte denne gjengen mellom Totalt Jävla Mörker og Jagged Vision. Då fekk fleire folk sjå dei, og det fortjente denne gjengen. Trur alle er enten 19 eller 20 år, og dei har ei flammande lys fortid framfor seg, det tviler eg ikkje litt på ein gong. Skambra låter, feite gitarar og ein kraftig, kraftig vokal. I bar overkropp. Vi likar bar overkropp. Gleder meg til å høyre meir frå desse, og venter spent på innspelt materiale!
Jagged Vision var siste band ut, med ny bassist og greier. Eg er mest vant til å sjå Morten Transeth rive i stykker mikrofonen og scena som frontmann, men han fungerte godt som bassist også, spesielt når han havna på golvet i slutten av gigen. Det gjorde forøvrig eg også, i forsøk på å løfte ei jente på skuldrane på eit øl-glatt golv, men sånt skjer. Gigen var bra, og dei spelte nesten kun nye låter fra den komande plata, noko eg synst funka fett! Alt i alt ein action-pakka avslutning på ein knusekul festival! Tunghørt 2016 ladies and gentlemen!
Evig Lyttar takkar Stavanger for ei fantastisk helg, me koste oss glugg! Men det har du kanskje skjønt. I fare for å rable endå meir, legg eg berre ut ein liten slideshow med bilder Irene tok i går. Snakkast!