Rise Above - Sounds Of Liberation

Ingenting er betre enn å få tilsendt eit stykke musikalsk arbeid som, om eg hadde hatt hår, ville gitt meg bakoversveis. På ein god måte. RISE ABOVE er eit flunkande ferskt band som kjem med sin første EP den 31. august, men eg klarer ikkje venta med å hamra ned nokre velvalte ord om denne innsprøytinga av rein speleglede og kraft.

For dei som las intervjuet mitt med denne gjengen for nokre dagar sidan vil eg tru det er heilt klart kva RISE ABOVE står for, og kva som driv dei. EPen Sounds Of Liberation er gjennomsyra av lidenskap, punkattitude, speleglede og talent. Med god hjelp frå Esteban Munoz (Tirades, Social Suicide) har dei skreke, spelt og hamra seg til ein knallsterk EP på omlag 8 minuttar som er både musikalsk, hardcore og godt produsert. Desse 8 minuttane er ikkje akkurat kjedelege heller, snarare tvert i mot. Ynskje om spontan moshpit, headbanding og allsang er nokre av bivirkningane du kan venta deg når du høyrer dette. 

Det er 4 låtar på denne EPen. "Tides" har du vel allereie høyrt. Fengjande hardcore med eit godt refreng som inviterer opp til allsang live. Gode gitarar, sterke trommer og eit godt lydbilde. "Avalanche" er den kortaste på plata, men også den mest aggressive. Kult! "Jaws" gir meg sterke assosiasjoner til Rage Against The Machine. Starten høyres litt ut som ei blanding mellom hardcore og hiphop, og det er både modig og tøft gjort. Men den soleklare favoritten min er nok "Liberation". Fy flate for ei låt. Fy flate for eit refreng. Fy flate for ein vokal! Vokalist Thomas Lindstrøm har ei fantastisk stemme som er lagd for denne typen musikk. Det er så rått og brutalt, men på same tid musikalsk å høyre på, om du skjønner. Eg diggar det. 

Eg spår ei lysande framtid for gutta i RISE ABOVESounds Of Liberation får 5/6 TRYNER!