Sectarian Love og Kalifornia på Hulen 1.juli

I går skulle eg og kona mi ha ein liten farvelfest på Garage, då me på mandag vender nasen nordover. Utrulig kjekk kveld, og den blei endå kjekkare når me plutseleg fann ut at Sectarian Love og Kalifornia skulle dra i gang eit show i kjellaren. Det var så bra at eg rett og slett lyt nemna det her.

Biletet lånt frå eventen på Facebook

Biletet lånt frå eventen på Facebook

For dei som ikkje veit kven desse gruppene er, har eg allereie skreve omtale av begge to frå før. Dei kan de lesa her:

http://eviglyttar.blogg.no/1455748456_sectarian_love__hosti.html

http://eviglyttar.blogg.no/1464949642_kalifornia__thecoast.html

Det er heilt klart at desse to gruppene har mykje å by på på kvar sin kant, frå det steinharde til det litt seigare, så det var mykje for alle denne kvelden. 

Eg kom ned trappa til konserten rett etter at Kalifornia hadde drege i gong settet sitt. Det første som slo meg er at live-versjonen av denne gjengen slår debut EPen langt nedi støvlane. Fy flate for ei stemning! Gitararbeidet frå tvillingane var perfekt, og det er heilt klart at dei er i besittelse av eit godt talent. Soloane sat akkurat slik dei skulle. Så får dei sjølvsagt ein pluss i margen for å spela cover av The Stooges - "I wanna be your dog".  Kalifornia har ikkje funne opp rocken på nytt, men dei har eit nærvær på scena dei fleste bør få med seg. Spent på kva dei gjer vidare.

Sectarian Love er eit band eg har hatt lyst til å få med meg lenge, så det passa jo perfekt at dei skulle spele rett før eg flytta. Det første som skjer på scena er at vokalist Sondre Haug plutseleg står der i ei sjukehusskjorte og girar seg sjølv opp til konserten. Performance-art anyone? Det er noko ganske majestetisk over denne vokalisten, han er ein født frontmann. Snakk om å gå inn i si eiga verd! Ikkje berre lever han seg inn i musikken, men han bruker heile kroppen til å uttrykka seg på ein slik måte at ein blir bergtatt. Blod i panna og på hendene, oppå forsterkarar og nede på golvet. Han var over alt. Eg skulle ta opp telefonen og notere litt til denne omtalen, men det gløymte eg. Ein blir berre ståande å sjå på, litt sånn som eg kan tenkja meg folk stod når Ian Curtis og Joy Division fyrte laus på 70-80-talet. Ikkje ofte ein opplever slike frontmenn i dag! I tillegg til sjølve framføringa var vokalen heilt fantastisk. Haug har ei stemme som eg trur kan skryta på seg å vere i toppen av norsk skrikevokal, utan tvil. Mektige saker. 

Ellers er det sjukt kor bra lydbilde ein kan få med kun ein gitar, trommer og vokal. Det høyrtes ut som at det stod fire stykk på scena, når det i realiteten berre var tre. Nydeleg gitarspeling frå Bjarte Haugland. Eg trur at Sectarian Love er eit band ein skal følgje ekstra godt med på framover, det kan koma mykje bra derifrå! Spennande. 

Eg tykte dette var ei knakande god avslutning på tida mi i Bergen, utan tvil.