Oh See Demons - Bite Off..

For ei stund sidan debuterte Bergensgruppa Oh See Demons med den lovande låta «If I´m Wrong (You Must Be Right)». No er det EP-tid.

Vokal, vokal, og meir vokal. Det var vokal som skilte klinten frå veten og gullet frå skiten for meg når eg høyrte debutlåta til denne gjengen. Utruleg feit vokal, spesielt på refrenget! Ei stemme som alltid er på grensa til å gå over frå fine, rolege punkeland og inn den betydeleg meir brutale hardcoreverda.

«Question The Answer» er ei låt som moshar og bryt seg over den grensa, med akkurat den vokalen eg hadde håpa på, spesielt i slutten. Gull verdt! I tillegg får du servert nokre heseblesande brøl i nokre av dei andre låtane også, men det skulle vore så mykje meir enn det. Så må det også seiast at det finst ein heil haug med solid riffing på denne EPen, det er jo knall.

Men det er ikkje mykje anna på Bite Off.. som gir meg forferdeleg mykje. Av 5 låtar er det kun 2 som skil seg skikkeleg ut, og eg hadde nok håpa på meir. Dei andre låtane blir litt for «vanlege» om du skjønar, dei sklir litt inn i mengda. Men dei to sterkaste låtane er verkeleg sterke då, det er jo eit bra plaster på såret. Blir spennande å følgje utviklinga!

3/6 TRYNER!