Still Shaking - About Love

Då var det dags for blodfersk punkrock frå eit av Bergens mest solide punkeband, Still Shaking.

EPen heiter About Love, og kjærleik er sjølvsagt eit sentralt tema. Introlåta «Legacy», som også er blitt musikkvideo forresten, er ein knalltøff kjærleikserklæring til punken. Kort, fengande og med eit av dei betre punkerefrenga eg har høyrt. Det er i alle fall ingen tvil om at desse karane elskar det dei driv med. «We will carry on forever, never let it die, never let it fade away!» KNUS! Det kan også seiast at refrenget og slutten på "About Love" er utruleg tøft, og det er absolutt noko NOFX kunne kome med. 

Det er nok ikkje mykje på denne EPen som slår tidlegare låtar som «B.D.I.Y», «No Luck» og «Anxiety», men About Love er likevel eit godt punkemåltid du kan kasta deg over om du enten må kjøre deg opp eller kjøle deg ned, om du er mållaust forelska eller hatar nokon intenst. Så finn du sjølvsagt knallgode skatepunk riff, røff vokal. 

Favoritten min på plata er utan tvil «All Hearts», der Embla Jagdum frå Frk.Fryd diskar opp med ei knalltøff stemme, som eg gjerne skulle høyrt meir av. Samarbeidet mellom Embla og Stian er så bra på denne låta at eg får skikkeleg gåsehud. Eg vil ha meir!

About Love får 4/6 TRYNER!

Sjekk ut EP-en nedanfor!