SIBIIR - Bekmörke
No når hausten er på god veg blir det meir naturleg for meg å høyra mindre på solfylt "gladlaks" musikk og meir på mørk, brutal "sparkardegitrynet" musikk. SIBIIR er eit band eg har følgt frå starten, og no er det snart tid for debut-plata, som eg har gleda meg lenge til å få kloa i.
Heilt frå første gong eg høyrte låta "These Rats We Deny" har SIBIIR på mange måtar vore mitt "go to" band om eg treng å få ut aggresjon. Låta "Bekmörke" stiller med alle dei rette tinga. Du får servert eit til dei grader brutalt lydbilde fullstappa av forvrengte riff frå helvete, ein vokal som kunne vore satan sjølv og trommer som skurrar og gir deg øyreblødningar om du har det for høgt. På same tid som alt dette jævelskapet skjer klarar gruppa å blande inn ein god dose med fengjande greier. Eg trur miksen av brutalt og fengjande er noko av det beste eg veit!
Mens du ladar opp til neste singelslepp eller debut-plata bør du søren meg sjekke ut låta. Ta deg ein liten sightseeing i Helvete med SIBIIR som guide, du vil ikkje angre. Varmt og godt, men iskaldt og hardt på same tid.