Kambodsja - Stranger
Kambodsja seier om seg sjølv at musikken deira gjer det vanskeleg å setta dei i ein sjangermessig bås. Eg er så einig som eg kan bli! Dette er teknisk "kunst" metall, hardcorepunk og indie-rock smurt saman til eit produkt eg absolutt ikkje klarar å prosessere 100%. Det er skrikevokalar, reinvokalar, rock, koring, tøffe, matematiske riff og akustisk gitar. Det er lydbilete som held til i eit heilt unikt landskap langt, langt vekke frå det normale. Eg vil gå så langt som å seie at Kambodsja er musikkens svar på Alice In Wonderland; Sært, spennande og litt slitsamt til tider. Ikkje at eg føler meg som ei lita jente rullande ned eit hol med ei pratande, kvit kanin, ei ravande gal dronning og ein klin kokos, te-drikkande Johnny Depp, men du skjønnar kanskje kva eg meiner - Ein kan bli litt gal av å høyre på dette.
Dei to råaste låtane kan vel trygt seiast å vere "Name Among Dead" og "Eyes Ahead". Dette er rett fram hardcore med nokre spennande og unike vibber over seg. Eg diggar spesielt slutten på sistnemnte. Feitt riff som når episke proporsjonar i høgtalarane mine, og perfekt headbanging-materiale. "Sin & Bones" er også ei ganske kul låt, som går frå nokre ganske avslappande parti til eit virvar av lydar mot slutten.
Tittellåta "Stranger" er ei akustisk låt med ein gitar som minner meg sterkt om noko av sountracken til online-spelet Lord of the Rings Online, som eg spelte på mine yngre dagar. Dette gir meg gode minner. Stemningsfull låt, som gjerne kunne vart lengre.
Dessverre er det ikkje så mykje meir med denne plata som fangar meg. Det er heilt klart at Kambodsja veit kva dei driv med. Eg har ingen problem med riffa eller noko slikt, men eg likar dei mykje meir når dei kneftar ut grisefeit hardcore på klassisk vis, rett og slett fordi dei gjer det dødsbra. Desse "teknikk" låtane er feite også, men eg klarar ikkje digge det på same måte. Så blir jo nokre av låtane rett og slett for sære. Det sjuke felepartiet i slutten av "Curses" hadde nok passa betre inn i ein skrekkfilm. Det er heilt sikkert nokon der ute som diggar heile denne plata for det den er, men eg klarar ikkje det akkurat no. Kanskje den veks på meg?
3/6 TRYNER
Sjekk ut plata sjølv nedanfor: