Honningbarna - Goldenboy
Honningbarna kjem ut med plata Goldenboy i måro den 30. september, og eg har berre ein ting å sei. Gull. Reint, forbanna, skinnande, deilig gull!
Honningbarna har alltid vore litt barnslege og leikne, med litt sånn «me gir faen i kva du tenkjer om oss» attitude, noko som går bra saman med musikken dei lagar og livestemninga dei manar fram på konsert. For det er vel ingen tvil om at denne gjengen har noko spesielt over seg live? Eg trur bandet har nokre magiske krefter som suger til seg alt av energi, for deretter å frese det tilbake rett i trynet på publikum med tusen gonger meir kraft.
Eg har aldri gitt Honningbarna ein skikkeleg sjanse, men når eg høyrte singelen «Drep Meg» for nokre dagar sidan forandra det seg ganske kjapt. For ikkje å snakka om den nyaste plata deira Goldenboy som offisielt har gjort meg til ein genuint ekte fan. Kor får eg kjøpt merch?
Denne plata er ganske kort, med berre 7 låtar. For min del er dette utelukkande positivt. Sjølv om ikkje alle låtane fengjer like mykje, har Goldenboy aldri eit kjedeleg augeblikk, og du får ikkje servert sånne kjipe "fylle opp fordi me må" låtar, slik som på mange andre plater. Dette er ein eksplosjon av punk og intens rock, fyllt opp med alle dei rette tinga og alle dei rette kjenslene.
"Goldenboy" er ei knallfeit punkelåt med tøffe basslinjer og kult refreng, mens "Lillesøster" har den desidert råaste slutten av dei alle. I tillegg høyres den ut som om den kunne vore kjærleiksbornet til nyare Kvelertak og litt eldre Turbonegro. Ikkje galen kombinasjon i det heile tatt det vel!?
"Sinna Unge Menn" opplevast som ei oppsummering av kva Goldenboy handlar om for meg. Uslåelege refreng, "spark i røvi" riff og knallsterk vokal. Elsker den låta så hardt akkurat no at eg får lyst til å springe i regnet. Kanskje eg endar opp på ein fjelltopp? Honningbarna gir meg iallefall nok energi til det, det kan du banna på.
5/6 TRYNER!
- Patrick Kjøll Fardal