Lik - Forakt LÅTPREMIERE
Haugesundbaserte Lik har dreve på ei god stund, men som mange andre band frå Haugesund har dei heldt til mykje i øvingslokalet. Men no, med ny trommis og plateselskapet The Mind is Everything Records (TMiER) er det på tide for gruppa å koma seg opp og ut i den store verda. Siloen Booking har booka dei eit par gonger, og bandet har spelt i både Stavanger og Haugesund. I følgje TMiER er desse karane både flinke musikarar og kjekke menneske, men også nokre duracellkaninar på scena. Og sjølv om det er vanskeleg å sjangerbestemma denne gruppa, har Hans Olaf Myrvang (TMiER) ein ganske god teori om kva Lik høyres ut som:
Evig Lyttar likar i alle fall godt det han høyrer. Iskald skrikevokal, varm reinvokal og fengjande riff gjer dette til noko tøft og spesielt du rett og slett berre skal sjekke ut.
I tillegg kan det nemnast at gruppa syng på dialekt, og at tekstane deira ber preg av at dette er gutar som likar å flørte med satanisk symbolikk, rett og slett fordi det er morsomt. Dei har ikkje funne opp kruttet på nytt, men ein skal nok leite lenge etter eit band som høyres heilt likt ut.
Plata, som så fint heiter «Kjetteri», kjem ut den 14. oktober gjennom The Mind is Everything Records, og er produsert av Lik og Herbrand Larsen, og mastra av Daggr.
Mens du ventar på plata kan du sjekka ut den aller første låta eksklusivt her på Evig Lyttar: