Dagny - Ultraviolet

Skreiv omtale av den komande EPen til altpop-artisten Dagny for GAFFA.NO. Sjekk den ut nedanfor:

Original link: http://gaffa.no/anmeldelse/110024/eit-skummelt-fengjande-og-funky-herremaltid-som-ein-ikkje-blir-mett-pa-med-det-forste/

Dagny har allereie hausta stor suksess med låtane "Backbeat" og "Fool’s Gold". Med EP-en Ultraviolet kjem ho nok berre til å hauste endå meir. Det er ikkje umogleg at du bryt ut i ukontrollert dans, spesielt på tittelsporet "Ultraviolet" og på den meir kjente "Backbeat". Det går jo ikkje an å vere sur når ein høyrer på dette vel?!

Så er det jo dette herremåltidet av nokre lydbilder du får servert då, det er ikkje akkurat kjedeleg å høyre på. Frå den funky åpningslåta "Fight Sleep" til nokre fantastisk fengjande refreng i "Fool’s Gold" og "Ultraviolet".

Dagny kan verkeleg diske opp med refreng som klistrar seg til hovudet ditt, så vær forberedt på å nynne ein heil del, enten du vil eller ikkje. Så har ho ein vokal som fungerer like godt mørkt som lyst, og eg hadde verkeleg likt om ho tok ein duett med vokalisten i det britiske postpunk-bandet White Lies. For ein duo det hadde vore!

Eg har eigentleg ikkje noko negativt å seie om denne EP-en, anna enn at ingen av dei nye låtane slår "Backbeat", men eg trur likevel me kan venta mange gode vibber frå denne dama i framtida!

5/6 TRYNER!