Machete - Fjórir
Om du endå ikkje har vakna frå vinterdvalen så trur eg den nyaste EP’en frå Machete kan vere rette medisinen for deg. Fjórir vart spelt inn i Blitz Studio i Oslo og gitt ut på selskapet Negative Vibe Records.
Machete går ikkje rundt grauten på «Fjórir». EP’en deira klokkar inn på 11 minutt med fire raske og særdeles aggressive låtar som går rett på sak. Den hissige crustpunk/hardcore sounden deira kan minne om band à la Trash Talk men fell også i smak for thrashmetal-fans, noko eg sjølv kan bekrefte. Majoriteten av materialet her består stort sett av blytung gitar og høgtempo galopptrommer, noko som sjeldan slår feil. Favorittdelen min kjem allereie halvvegs i førstesporet «Ocean». Catchy skrikerefreng som glir inn i herlige frenetiske blastbeats, latterleg tøft. Eit anna imponerande augneblink er den usedvanlige soloen på «Criminals». Det er ikkje ofte eg har høyrt ein så rein og rolig gitarsolo i ein så skiten punkelåt. Det tyder på at Machete har kontroll på kaoset.
Litt av sjarmen på «Fjórir» er at det går i eit bankande kjør, utan bremsar. Rått og styggfint slik det skal vere. Tidvis kan det verte litt for monotont for min del, men plata er ikkje så dryg at det vert eit problem. Låtane er heller ikkje i overkant dynamiske, men kan me eigentleg forvente det av ei punkeplate?
Fjórir runda iallfall 2o16 av med eit smell. Etter å snurre denne plata får eg lyst på meir, noko som alltid er eit godt tegn. Machete sprengjer ingen grenser her men eg trur intensjonen deira heller var å produsere ei knallfeit, ærlig punkeplate, noko dei har gjennomført med glans.
4/5 TRYNER!
-Jarand Aga Baas