Beachheads - "Una"
No er det snart klart for Beachheads sin sjølvtitulerte debut! Men før den kjem ut i februar får du høyre ein siste singel, "Una". Grusomt fengjande saker, noko Beachheads byrjar å bli flinke på å servere etterkvart. Steintøffe soloar, deilige riff med god, varm lyd og ein brutalt ærleg og usminka vokal som leder heile orkesteret. Tøff og spesiell koring på refrenget også, som på ein måte kan oppfattast litt falskt, men eg synst det fungerer godt.
Sjølv har powerpop gruppa dette å seie om "Una":
“Una handler om kjærlighet ved første blikk, og låten skreiv seg nærmest selv. Den har en liten touch av soul og skandi-rock og er faktisk en av få låter på skiva som har gitarsolo.”
Sjekk ut låta nedanfor!
-Patrick K Fardal