What The Fuzz Intervju 2 - Kindred Fever
Jarand har slått av ein prat med douen Linn Sofie Hagen Olsen og Jarle Langåker frå Kindred Fever angåande What The Fuzz prosjektet!
Kva tankar har de rundt What the Fuzz? Noko spesielt de ser fram til?
What The Fuzz er Ragnar Vikse (TimeOut Booking) sin briliante idè. Dette er jo første gongen det vert arrangert så me er jo på ein måte forsøkskaniner. Det er veldig spennande for me har liksom ikkje peiling på korleis dette vert i det heile tatt. Her er det seks band med ganske stort sjangersprik innad i fuzzen så det vert kult å sjå kva publikum seier om saken. Det som er spesielt med denne turnèen er at me er seks band som hjelper kvarandre, saman er me store nok til å dra heile rockefeller, som er ei ganske fin kjensle. Det er jo på mange måtar fleire band her som er ganske utsatt for tida, så det er kult at kameratskapet kjem fram. Her vert det ikkje den konkurransekjensla som musikarar på stadiet vårt opplever. Me slepp å kjempe mot kvarandre om plassen.
Evig Lyttar har jo fokus på norsk undergrunn, har dykk nokon favorittartistar frå undergrunnen?
Eg veit ikkje kor vidt dei fortsatt er i undergrunnen, men eit av yndlingsbanda våre er Death By Unga Bunga. Det vert ikkje stort betre rock enn det, at dei er norske er også heilt fantastisk. I tillegg er Sauropod eit band me begge likar godt. Me vil selvfølgelig nemna banda som er med på WTF, blant anna Tiebreaker som er jævlig kule! Dei har me jo spelt litt med før.
Har Kindrer Fever konkrete framtidsplanar, er det kanskje ei ny plate i sikte?
Akkurat no er me i studio og snekrar saman nye låtar som det kanskje vert ei ny plate eller singel av, men me øver først og fremst til WTF-turnèen. Me har opplevd ei positiv kurve sidan me byrja og me er mykje meir kresen til nye låtar no enn for tre år sidan, då me skapte fyrsteplata. Ting som var kult før synes me er skikkeleg dritt no, så det opplevast som ganske tungt. Kvar plate har sin eigen stil sjølv om det er omtrent same lydbilete så det vert spanande å sjå kva som skjer med neste plate.
Kva er dei beste/verste konsertane dykk har spelt?
Roskilde er nok den beste gigen, det seier seg jo litt sjølv. Den verste derimot trur eg må bli Slottsfjell 2013, i allfall reint spelemessig. Me spelte ikkja anna enn feil. Me hadde akkuratt vorte Ukas Urørt og derfor fekk me spele på Slottsfjell, som var den første store gigen me fekk. Etter den gigen høyde me aldri noko meir frå Urørt, haha!
Har dykk nokre formeiningar om det beste frå 2016
Magma av Gojira, Pineapple Pizza av Death By Unga Bunga, Årabrots The Gospel og MK’s Marvelous Medicine - MK’s Marvelous Medicine
Då takkar eg for at Kindred Fever tok seg tida til dette!
-jarand Aga Baas