What The Fuzz Intervju 3 - Tiebreaker
What The Fuzz går av stabelen den 18. Januar og i den anledninga tok Jarand ein prat med trommeslagar Pål Gunnar Dale frå Tiebreaker om blant anna WTF, framtidsplanar, og shady spelejobbar i utlandet!
Det er ikkje mange dagane igjen til What the Fuzz brakar laus, kva var idèen bak, korleis starta det heile?
Ideen kom frå vårt booking selskap, Timeout Booking, som ville laga ein slags omreisande turnè for fleire av dei banda som ligg og pirkar litt i overflata. Når fleireband samarbeidar om ein større produksjon får me spelt på større scener og vist oss fram for eit større publikum. Å gjere ei spesiell greie ut av det legg jo opp til at ein lettare kan invitera kjente musikarar og trekke litt presse. Rock og metal vert jo stadig underprioritert, så dette er rett og slett eit initiativ som er skapt for å styrka rockens posisjon i norsk musikkliv.
Det høyres jo utruleg spennande ut!
Ja absoutt, det er eit konsept som er kommet for å bli, banda i undergrunnen treng litt drahjelp for å kome seg ut til meir mainstream scener. Me er veldig glade for å vere ein del av WTF og det er ein god moglegheit for å vise oss for eit endå breiare publikum.
Har du spesielle forventningar eller noko du ser veldig fram til med What the Fuzz?
Det er jo Rockefeller som er den store milepælen, der har eg aldri spelt før så det vert spennande. Med What The Fuzz skapast det ein større produksjon, eit meir heilstøypt show og i tillegg ein skikkeleg feit lineup. Eg håper jo på at me knyttar mange nye kontaktar og det vert kult å henga med dei andre banda, så kan me snakka litt om livets harde skule ilag.
What The Fuzz har jo tydeleg fokus på norske undergrunnsband, har du nokon favorittartistar frå undegrunnen no?
Det er jo eit godt spørsmål, men det må nok bli mine gode kameratar i Dreamarcher, som gav ut kanskje den beste plata frå fjoråret etter mi meining. Dei vert nok ikkje verande i undergrunnen lenge, og eg har enorme forventningar til kva dei kan oppnå. Eg kjenner dei gutane godt og veit at dei ikkje kjem til å gi seg med det første. Elles er det Shaman Elephant frå Bergen som eg ser fram til å følgje med på vidare, men det er jo mykje kult som rører på seg i undergrunnen for tida.
Tiebreaker gav ut Death Tunes i fjor haust, kva er planane framover etter dette?
Målet er å turnere så mykje som mogleg og forhåpentlegvis få til ein ny europaturnè om ikkje så altfor lenge. Ny fullengdar har me ikkje tenkt så voldsomt på, men me lagar jo stadig noko nytt så det hender plutseleg at me stikk i studio, skal du sjå. I tillegg planlegg me å gi ut ein titommar om ganske kort tid.
Vert det nokre endringar i lydbilete?
Ja, endå ein ny retning musikalsk. På titommaren kjem det nok litt forskjellig, me skal utforda oss sjølv og det vert nok ein litt ny Tiebreaker opplevelse for ganske mange.
De har jo spelt mykje både i utlandet og Noreg, har du nokre beste/verste gig opplevingar å dela?
Haha, der er det mykje å snakke om ja! Me stoppa blant anna i Østerrike på europtaturnèen i vår, der Thomas (vokalist) og Eirik (gitarist) vart matforgifta.
Me har også hatt nokre shabby opplevingar i USA når me var yngre. Eg hugsar me spelte på ein bikerclub i Amarillo, Nord Texas. Der sto me på scena, fem 19 år gamle tullingar frå Odda som skulle utfordra folket i Texas på sin egen musikk. Me var sikre på me skulle få bank, det var jo like før me byrja å sloss med support bandet… men det gjekk bra til slutt!
Dei beste opplevingane må nok vere Festidalen i 2014 og Malakoff i 2016. Festidalen vart eit ganske heftig vendepunkt for oss då me spelte for eit publikum på 1700, den største spelejobben me hadde hatt sålangt. Me fekk speletid imellom Kvelertak og DumDumBoys så ærefrykta var iallfall på plass. Den gigen førte til at me fekk god kontakt med Kvelertak som hjalp oss med å få den bookingavtalen me har i dag. Festidalen er nok den beste og viktigaste jobben me har spelt sålangt tenkjer eg.
Heilt til slutt, kva er dine favorittplater frå 2016?
Det må vere debuten til Dreamarcher, Stein Torleif Bjellas Gode Liv, Crystals av Shaman Elephant, Iggy Pop med Post Pop Depression, og til slutt The Switch Album av The Switch.
Takk for at du tok deg tida til dette!
Null stress!