Golden Core - Norwegian Stoner Machine
Om du hadde spurt meg for nokre veker sidan om eg trudde at to karar på 12 og 14 år kunne koka saman ei kvalitetsplate stappfull av fuzz, vreng, stoner, doom og helsikes feite riff, så hadde eg nok ledd deg midt oppi trynet. Golden Core har sparka meg rett i mellomgolvet og bevist ein gong for alle at ein ALDRI skal undervurdera folk med lidenskap - uansett alder. Steike.
Sjå for deg at Mayhem hadde starta karriera si med å gi ut stonermetal istaden for ekstremmetall. Der har du Golden Core. Dette kunne godt vore første utgivelsen til det banebrytande svartmetal-bandet, berre utan den sjuke skrikevokalen. Faktisk så er det noko på Golden Core sin debut som osar av Deathcrush. Det er råskapen, det er den tydelege "gi blaffen" mentaliteten (for det er ikkje alltid reint og pynteleg i låtane her), og det er gleda for å spele musikk. "Black Warship" kunne lett vore med på Deathcrush-plata til Mayhem, iallefall starten på låta. Det einaste som manglar er vokal, det hadde vore grisekult med vokal oppå dette.
"Sword Of Darkness" har allereie sirkulert på Spotify ei stund, og eg forstår godt kvifor. Dette er fengjande, det er hardt og det er bra riffing. Seige greier er det også, noko me likar.
"Dark Night" trur eg er det nærmaste me kjem Mayhems Deathcrush - det opplevast som ein litt mildare versjon av "Necrolust"! Kor feitt er ikkje det?! "See You In The Shadow" trur eg er favorittlåta mi på denne plata, den er grenselaust feit - rå blanding av rolege og kjappe parti.
Uansett, ein skulle aldri ha trudd at karane som speler her er 12 og 14, og ein skulle heller aldri trudd at dei berre er to stykk, for dette er mektig. Duoen har også ein haug med gigs bak seg, og speler releasekonsert på Blitz no den 27.januar! Er du i Oslo rådar eg deg til å ta turen! Tenk på kva desse karane kjem til å utvikla seg til!
Det eg har å utsette på denne plata er at nokre av låtane kan opplevast litt like og at det nokre gonger kan bli litt i overkant grumsete. I tillegg er det litt slurving i instrumenta her og der - men det er berre lydbilete-galningen i meg som snakkar. Dette skal vere røft, rått og tøft, og Golden Core veit akkurat korleis dei skal skapa ei stemning som får deg til å ville drikke uhorvelege mengdar med øl og bryte handbak med ein bjørn etterpå. Om du likar råfeit gitarføring blanda med steintøffe trommer er dette definitivt noko for deg!
3.5/5 TRYNER!
-Patrick K. Fardal