Børild Haughom (Beachheads)
Eg satte meg ned med Børild Haughom, vokalist I Beachheads, for å snakka litt om blant anna debutplata, inspirasjonar og ærlege tekstar!
Kan du fortelje litt om deg sjølv?
Eg heite Børild, komme opprinnelig frå Flekkefjord, og bor i Stavanger sammen med kjæresten min. Eg jobbe som programmerer og e vokalist i Beachheads.
Korleis blei du med I Beachheads?
Eg har kjent Marvin og Vidar i mange år, og va faktisk med og solgte merch for Kvelertak på to Europaturnéer i 2011-2012. Huske ikje heilt om det va då mi begynte å snakka om det, men det endte hvertfall med at eg på et tidspunkt testa litt vokal på nåen demoa de hadde lagd. Det va jo veldig gøy og funka bra, så eg blei vel med ette det.
Tøft! Bra at du fekk teste vokal på demoane, trur ikkje Beachheads ville vore det same utan deg. Har du vore med i andre band frå før eller er Beachheads ditt første?
Eg va gitarist og vokalist i et band då eg va rundt 14-15 år, Scrapy Orphanage heite det. Mi hørte mye på Millencolin, NOFX og ein haug med andre lignandes band på den tida, og musikken mi spilte bar nok preg av det. Ellers va eg med i et gitar- og synthpop band her i Stavanger for nåen år sian som heite The Shock!.
Då har du vore innom litt forskjellige sjangrar opp igjennom! Kult. Kva musikk inspirerer deg?
For min del handle det nok vel så mye, om ikje mer, om sjølve teksta. Eg høre på mye forskjellig musikk og det inspirere meg nok i seg sjøl det au, men det e som regel alltid teksta som får tankan te å sviva og gjør at nye idea dukke opp i håve.
Skjønnar. Har du nokre favoritt-tekstar du kunne tenkje deg å nemne, og kanskje forklara litt om?
Eg syns alltid det e vanskelig å svara på kå som e favoritter, det variere jo, alt ette kå eg høre på og kåss eg føle meg. Men eg lige veldig godt tekstene te The Decemberists, og kan nevna June Hymn frå plada The King Is Dead. Den gjer meg alltid fine bilda i håvet og e sjukt deilig å høra om morningen.
Kult! Den må eg sjekke ut. Når me er inne på tekstar. Kunne du fortalt litt om tekstane du har skreve i Beachheads så langt? Likar veldig godt "Shadow of a Man", kunne du sagt litt om den?
De fleste tekstene eg skrive e veldig personlige, og det gjør det jo lettare for meg å leva meg inn musikken, pluss at det e ein bra måde for meg å få ud tanka som kanskje ikje alltid e så lette å snakka med andre om. Shadow of a man handle om broren min som tidligere levde et ganske hardt liv, nåe som gjorde at han ikje va seg sjøl (naturlig nok) og førte te mye an drid, men at det goda i han fortsatt va der sjøl om det ikje alltid syntes.
Ein kan absolutt merke både alvoret og "ekte" kjensler i tekstane dine, det set eg stor pris på, sidan eg også er særs oppteken av tekstar. Kan du fortelje litt om den komande plata til Beachheads?
Det har vært ein lang prosess og det føles veldig godt nå når ting har falt på plass. Plata e klar, og det låte steinbra, om eg får lov te å sei det.
Dette høyres lovande ut! Og det er absolutt lov å sei. Som du seier så har det jo vore ein lang prosess. Kan du utdjupa litt om kvifor?
Vel, det har rett og slett bare tatt lang tid, ikje nåe ant enn det. Og grunnen/grunnan te det e mange, men hovedsaklig at det e krevande å skriva låta. Idea dukke opp og blir forkasta. Det passe ikje inn eller så kicke mi bare ikje på det. I tillegg har jo Marvin (bass) og Vidar (gitar) periodevis vært vekkreist med Kvelertak.
Skjønnar. Betre at det tek lengre tid enn at de kastar ut ei plate som ikkje er ferdig! Har du ein historie frå studio du kunne tenkje deg å dela med lesarane?
Det va stort sett bare jobb, jobb, jobb dei få lange dagan mi va der, så eg har i grunnen ikje det nei. Litt kjedelig svar, men sånn va det.
Den er god! Heilt forståeleg. Eg tykkjer vokalen din har blitt betre og betre etter kvar låt som har kome ut. Øver du mykje, eller går det mest på kjensler?
Takk for det! Eg øve ikje så veldig mye, men eg går te ein veldig flink kar som prøve å prenta i meg litt teknikk, og det har hjulpe ein heil haug. Eg blir jo au mer bevisst på vokalen og lære kå som funke best for meg ettekvert som tia går. Samtidig så syns eg det blir naturlig lettare å synga når det eg synge rive litt i meg og får fram følelsan.
Tøft! Ja det som skiller din vokal ut frå mange i mengda er jo at stemma di opplevast ekte og upynta, på ein kul måte. Det gjer den framleis, men det virker som du har blitt mykje meir sjølvsikker og bruker stemma di endå bedre enn før.
For ei stund sidan blei de jo med i stallen til Fysisk Format. Kan du fortelle litt om korleis det skjedde, og kva du tenkte når det blei bestemt?
Eg huske ikje heilt kåss og når det skjedde, men mi snakte med Kristian ganske tidlig. Det va veldig stas når mi fant ut at han ville jobba med åkke, ette mi meining e det Norges finaste label. Mi dele mye av de samme tankan og idean (uten å gå i detalj) om kåss mi ønske å jobba og gjør ting, så det føles som ein bra match.
Så bra! Kult når ting går i boks.
Kva høyrer du på mest for tida?
Høre vel stort sett på The Marked Men, Royal Headache, Ryan Adams og The Decemberists for øyeblikket.
Kva om du hadde fått tilgang på ei tidsmaskin, som du kunne bruke til å oppleve ein bestemt konsert frå fortida? Kva ville du valt?
Eg ville valgt Guns N' Roses sin konsert i Paris 6.juni 1992. Use Your Illusion 1 va det førsta albumet eg kjøpte (på kassett), eg va vel 8 år då den kom ut. Konserten blei sendt i opptak på NRK og eg tok opp (nesten) heile konserten på VHS. Eg tru det bare va ein 90 minutters VHS, så eg fekk kje med meg slutten av konserten, men eg har sett det opptaket altfor mange gonge. Hvis eg kunne reist tebage og sett den live i Paris i stedet for på ein sleden VHS hadde eg blitt veldig lykkelig.
Bra valg! Gode minner er alltid viktig å ta vare på, spesielt når det gjeld musikk. Kul historie!
Kva om du kunne sett saman ditt drøymeband av avdøydde musikarar? Kven ville du hatt i bandet, og kan du koma på eit eventuelt bandnavn/sjanger?
Har tenkt litt på denna, og falle tebage på det samma kver gong. Det måtte blitt Chris Bell, kun han, gjett han ein gitar og spurt om han bare ville spilt og sunge. I timesvis. Det hadde vært ganske så fint.
Eg takkar Børild så mykje for tida! Debutplata til Beachheads kjem ut den 3. Februar, så hugs å sjekk den ut! Nedanfor kan du nyta ei speleliste Børild var så snill å setja saman for anledninga!
-Patrick K. Fardal