Korrupt gir deg brutalt ekte hardcore i Preachers And Creatures
Fysisk Format
Sinne. Frustrasjon. Energi. Speleglede. Kjensler. Brutalt. Fengjande. Aktuelt.
Dette er nokre av orda som dukkar opp i hovudet mitt når eg høyrer på Korrupt sin aller første fullengdar Preachers And Creatures. For meg opplevast dette som brutalt ekte og dagsaktuelt, spesielt når det gjeld det tekstmessige. Dette handlar om ekte kjensler opplevd av ekte folk i ekte situasjonar som ikkje alltid er like hyggelege. Viss ikkje dette stemmer må bandet få ein Oscarstatuett med ein einaste gong!
Det som er litt kult med denne plata er at det ikkje alltid er bånn gass juling. Det fins også nokre rolegare og meir nedstrippa låtar - til og med vokalen går opp og ned i aggresjon. Slikt likar me! Men likevel trur eg nok at målet til bandet er å rensa øyrene dine for øyrevoks slik at du skal få med deg det dei prøver å formidle.
Dette handlar om venner som stiller opp, om religiøse spørsmål og problemstillingar, om frustrasjon og alt som gjer hardcore naudsynleg (nødvendig) for folk. Ein kan ikkje skrika like overbevisande om sukkerspinn og einhjørningar, trur eg. Eller? Uansett. Dette opplevast ekte for meg, og ingenting er kulare enn det.
Ein av dei tinga som gjer det heile så overbevisande er vokalist Marius Jahnsen. Steike for eit stemmeband folkens! Han skiftar mellom heseblesande, sjeleknusande skriking til noko djupare greier, som du blant anna kan høyra i "Khaver". Det er noko unikt over den stemma der som eg vil høyra meir av. Ellers vil eg trekke fram den brutale hamringa til trommis Esteban Munoz som eit pluss - han har stålkontroll på dei greiene der.
I tillegg må det nemnast at, sjølv om dette både er brutalt, og til tider lite vakkert (det skal jo søren meg ikkje være vakkert då, Patrick. Skjerp deg) så er det uhorveleg fengjande. Korrupt veit å mekke refreng som fører til allsang, enten du står åleine eller i publikum.
Frå den aggressive og knallharde "Serpents" til den meir nedstrippa punkelåta "Khaver" og vidare til den seige, pianodominerte "Scum" gir Korrupt deg litt forskjellig på sin debut. Riffa er solide, mens bassen ligg og leikar seg i bakgrunnen. Eg meiner likevel at den kunne vore høgare, då eg elskar bass! bass bass bass. Men uansett. Dette er ikkje ei generisk hardcoreplate. Det ligg hardt arbeid bak den, det ligg nok også både blod, svette og tårer (kanskje) bak den, så eg rådar deg på det sterkaste til å anskaffa deg denne her FYSISK. Har du sett vinylen eller? Deilig sleeve.
Ellers kan eg blant anna nemna singelen "Martyrs", den fengjande "No Past, No Future" den noko seigare men like harde "Revolt"som favorittar. Siste låta på plata, "Intuition", er også ein solid yndling. Der får du verkeleg trommene hamra godt inn i mellomgolvet.
8/10 TRYNER!
Patrick Fardal