Knallhard skatepunk med moshefaktor
Dei første taktane grip umiddelbart tak i deg og slepp ikkje med det første. Raske riff og aggressive trommer er det første som kjem deg i møte på denne plata, åpningssporet kastar deg rett og slett ut i moshpiten utan noko forvarsel. Ganske herleg spør du meg.
The Regent er altså klare med nytt materiale, og denne gong er det ein solid fullengdar som står for tur. Det eg har høyrt av dette bandet frå før har vore lovande, og denne plata gjer ein god jobb med å vidareføre sounden frå Initiation, men med små dog viktige endringar.
For det første er lyden av The Regent overraskande rein og klar samstundes som dei bakar nok punch og skitten rockegitar inn i miksen. Produksjonsmessig høyres det endå skarpare ut enn før, og eg får inntrykket av at bandet vil setje meir fokus på tekstane enn på debut-EPen deira. I tillegg får eg kjensla av at The Regent går i ei mindre heavy retning no, heile plata har eit raskare og meir intenst preg som lenar seg meir mot skatepunk enn før.
Sjølve låtane er stort sett basert på kraftig og smidig tromming blanda med harde, illsinte riff og harmoniar. Ein stor del av refrenga ber også preg av småcheesy men fengjande-som-fy koring. Tenk «Still Waiting» av Sum 41 så skjønar du fort kva eg meiner. Som eg nemde over er det også større fokus på tekstane, ein god tanke som utfoldar seg heilt greitt. Stemma er ingenting å utsetje på, det er heller innhaldet eg går litt lei. Eg trur ikkje The Regent har noko anna enn gode intensjonar når dei tar for seg dagsaktuelle politiske temaer her, men det heile kan oppfattast noko masete etter ei stund. Misforstå meg rett, eg likar absolutt tanken om at dei vil opplyse folk sjølv om det er noko drygt i lengden.
Mot slutten av plata er det tydeleg at bandet sit på eit ukueleg energinivå og ein skikkelg positiv trong til å spele fletta av deg. Etter fleire gjennomlyttingar veks riffa og melodiane på meg og trongen til å headbange kjem snikande opp bak meg. Her er ingen valdsame musikalske krumspring, men absolutt spanande trommearbeid og for det meste solide låtar. Melodisk punk er ein stil dei beherskar godt, dette trur eg er saker for fans av f.eks Still Shaking, NOFX og Tirades.
Favorittlåtar: «Rogue States», «Fat Cats»
Slik eg ser det, er The Regent nokre blodtørste karar som bles liv i ein noko einsformig men evig catchy sjanger.
6,5/10 TRYNER
-Jarand Aga Baas