Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
Foto: Eirik Sæter Jørgensen

Foto: Eirik Sæter Jørgensen

Purified In Blood tek eit steg inn i det bekmørke og meir brutale med nytt materiale

December 07, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Anbefalingar

Folkens. Demoar er ikkje ofte eg skriv om - trur faktisk dette blir aller første gongen. Eg intervjua vokalist Hallgeir frå Purified In Blood her om dagen og fekk sendt over ein demo som eg har fått lov til å preika litt om. Me berre køyrer på:

Purified er kjent for å halda det fengjande og hardt - der er dei framleis. Men det er noko dystrare og mørkare over det nye materialet - noko meir brutalt. Dette er heftige greier, på grensa til solid svartmetall! Riffa river seg inn i øyregangane dine med makt og tvinger seg inn i minnet ditt - dette gløymer du ikkje med det første. Seige greier!

Vokalen i seg sjølv er meir brutal enn før - noko eg ikkje trudde var mogleg. Dette pirrar meg på ein måte som eg ikkje heilt klarar å sette ord på. Eg vil høyre meir, eg vil høyre nye, ferdigproduserte låtar, eg vil ha ei ny plate. Purified klarar å gjere det mørkare og meir brutalt, men på same tid behalda det som kjenneteiknar dei.

Etter å ha høyrt dette demomaterialet er eg forferdeleg spent på kva som kjem frå dette brutalt råe orkesteret i framtida! 

Patrick Fardal

December 07, 2017 /Patrick Fardal
Purified In Blood, Demo, Omtale
Framside, Anbefalingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!