John Olav Nilsen & Nordsjøen - Nordsjøen
Skreve originalt for GAFFA.no: http://gaffa.no/anmeldelse/114813/frisk-bris-fra-nordsjoen/
Jau, no er det nokre år sidan me har høyrt frå denne karen. Då han takka for seg hadde John Olav Nilsen & Gjengen styrka den norske musikkscena med to plater eg likte veldig godt, den første og den tredje, og ei eg ikkje var så begeistra for i midten. No er han altså tilbake, med to av karane frå gjengen og ein hund med på laget – Nordsjøen.
Det er ingen tvil over kven som har laga musikken her; dette drypp av John Olav Nilsen & Gjengen. Spørsmålet eg stiller meg sjølv er om dette kan seiast å vere plate nummer fire i rekka, berre med ein litt konsentrert versjon av gjengen, eit nytt namn og ein reinare vokal? Det er i alle fall den kjensla eg får. Eg kan forstå behovet for ei atterføding, men er det eigentleg det?
Ein ting skal seiast – Nilsen & Nordsjøen opplevast meir sjølvsikre, meir komfortable og meir heime på denne plata, då lydbileta og det musikalske landskapet Nordsjøen utstråler er både kraftigare og på mange måtar betre enn det førre prosjektet. Fra Vin Til Vann og den velkjente singelen Inn I Min Tid er noko av det beste eg har høyrt frå Nilsen nokon sinne - det seier sitt. På same tid er det nokre låtar her som absolutt ikkje gir meg noko; Her Inne Er Det Høst Hele Året og Olympia er litt kjedelege, mens Sjansen I Havet kjennast litt for mykje som ei Morrissey-låt. Eg likar bassen då, og vokalen i refrenget ligg akkurat der den skal.
Den finaste låta på denne plata må nesten bli (Uten Ord). Det er ein kunst å strippe ei låt heilt ned og likevel få den så kraftig, så det er absolutt beundringsverdig. Faktisk så meiner eg at plata tek seg fleire hakk opp frå (Uten Ord) og utover. Dei tre siste låtane er definitivt på ein heilt eigen planet, og det likar eg meir enn noko.
Konklusjonen min er så enkel som at dette kjennast 60% som ein kontinuasjon frå det gamle, mens 40% opplevast som ei vakker atterføding. Mykje av første halvdel av plata er absolutt fint å høyre på, det er ikkje noko riv ruskande gale med det, men eg har på ein måte høyrt det før.
Uansett så ser eg fram til neste plate!
4/6 Stjerner i GAFFA
-Patrick Fardal