Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
Meltdown-Answers.jpg

Meltdown - Answers

February 20, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Metall. Det finst fantastisk mange måtar å spele metall på, men ein ting trur eg er felles for dei fleste subsjangrane – riff. Gitarane har like mykje å seie for ei metall-låt som sukker og kanel har å seie for laurdagsgrauten! Nøkkelingrediensen, vil kanskje nokon seie.

Ein ting er i alle fall sikkert. Meltdown har ein haug med feite riff dei trykker i trynet ditt på denne plata. Dette er typiske «headbange seg til nakkesleng» greier som eg er sikker på gjer det fantastisk godt live, og det er ikkje mangel på både magesug og episke parti der ein heilt sikkert kan kjenne på frysningar. «Hollow» er ei slik låt. Den startar roleg og fint med akustisk gitar og går over i noko ganske så rått. Dette er også den einaste låta der reinvokalen faktisk passar inn med resten – her har den funne sin plass, og her burde den blitt.

For eg har ikkje mykje til overs for denne reinvokalen. Den opplevast både klein og heilt feil plassert på mange av dei andre låtane – nesten som at bandet har putta det inn for å mjuke opp lydbiletet! Noko dei absolutt ikkje treng. Nokre plassar høyres det faktisk ut som ein miks mellom Parkway Drive og Iron Maiden, ei blanding eg ikkje er så stor fan av. Spesielt når reinvokalen går opp i det eg trur er falsett – det gir meg gåsehud på heilt feile måtar. Eit eksempel er eit minutt inni «Blackbox Paradise». Ikkje heilt min kopp te, det blir både for pompøst og rart! «Nightmare»  er også ei slik låt. Det er heilt sikkert nokon der ute som likar dette, men eg er nok dessverre ikkje ein av dei.

Men for all del, dei har ein råbra skrikevokal som tek det nokre hakk opp, og gitarane er jo absolutt der dei bør vere, men eg klarar ikkje få noko meir ut av denne plata.

1,5/5 TRYNER

12048956_10153536626656357_1652821620_n-2.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Patrick Fardal

February 20, 2017 /Patrick Fardal
Norsk Undergrunn, Meltdown, Platemelding, Norsk Metal, Norsk Musikk, Answers
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!