Taking Names - Trap City
Hugsar du Fasit? Bandet som kom til Urørt-finalen i 2016? Ja? No har dei skifta namn til Taking Names og fiksa litt på lydbiletet sitt. Etter det eg har lest så har musikken blitt hakket hardare og rårare, men det gjenstår å sjå om det stemmer eller ikkje.
Eg merkar iallefall fort at dei har gått vekk ifrå den gladlaks-kleine låta "Hope It´s The Last Time", som eg hugsar ikkje akkurat falt i god jord hjå meg når eg først høyrde den. Det nye er framleis pop-punk, men det er røffare i kantane, og det likar eg. Vokalen er ikkje så fløtepus-aktig som før, og vokalist Snorre Kilvær har definitivt funne ut kor han skal legge stemma si.
"Say Anything" er beint fram fengjande, og sjølv om det framleis er mjukt har bandet teke til seg ein mykje meir sjølvsikker attitude som lyser gjennom på desse låtane. Alt er meir komfortabelt og mindre "falskt" på ein måte. Knalltøff solo på slutten er det også! "Near Life Experience" er ei rett fram pop-punk låt som eigentleg ikkje gir meg så forferdeleg mykje, men eg likar stemninga den skapar! "Young Landmarks" inneheld den feitaste starten på EP-en, og eg likar den både vokalen og gitarane best her, dei passar heilt perfekt saman. Minna meg litt om ein miks mellom No Use For A Name og Disco Ensemble. Bra tilbakeblikk til ei tid då eg ikkje kunne gå ein dag utan ein god dose pop-punk!
"So The Legend Goes" opplevast litt som "Adams Song" av Blink 182. Eg veit ikkje heilt kvifor, den har liksom den same tristheita over seg. Eg likar særs godt den lyse, grinande gitaren som ligg i bakgrunnen. Men den koringa kunne godt vore fjerna då, det blir litt rart tykkjer eg. Siste låt, "Trap City", er endå ei slik vanleg punkelåt som eg gir meg masse referansar, men ikkje noko meir enn det.
Eg likar Taking Names mykje betre enn Fasit, både når det gjeld namn og musikk. Men det er likevel ikkje alt som grip meg like hardt. Denne EP-en ligg midt på treet for min del, men eg gledar meg til neste utgivelse! Spent på kvar vegen går vidare for denne gjengen!
2,5/5 TRYNER!
-Patrick K. Fardal