Nidingr - The High Heat Licks Against Heaven
Eg blir alltid litt våt i munnen når eg kjem over ei plate med vikingtema, men eg frotsar i kjeften når vikingtemaet blir blanda med blytunge riff, skrikevokal og kraftfulle trommer. Det blir kjapt krigsstemning på kontoret av slikt! Det einaste som manglar då er eit drikkehorn fyllt til randen av gyllen mjød, så kjem alt på plass. Ein ting er sikkert; Nidingr sler deg i fjeset så gjallar heilt til Valhall!
Eg skal innrømma at det er ikkje så mykje med sjølve musikken som gir meg "vikingstemning". Tekstane tek seg av det meste der. Men så skal ein absolutt ikkje samanlikne dette bandet med viking-klisjèane i Amon Amarth heller då, eller Ensiferum. For dette er ikkje noko fengjane, episke greier, men noko kraftig og valdeleg - litt som eit vikingtokt i musikkform kanskje? Vokalen er grunn nok til at sarte sjeler spring i andre retninga i frykt for krig, vald og drap, og resten av lydbilete fungerer som drageskip på den engelske kysten - i torevêr og storm. Stakkars munkar og engelskmenn, seier berre eg.
Om ein ser vekk frå den fantastisk kleine og norskengelske pratinga i slutten av "The Ballad of Hamther" inneheld denne plata nokre knallfeite låter som absolutt burde høyrast! "Hangagud" åpnar festen på kraftig vis, med riff henta rett frå Hel og ein vokal som høyres ut som den yngre versjonen av Nocturno Culto (Darkthrone) i Panzerfaust - perioden. Knalltøft! Men den mest gjennomsyra, intense og sjeleknusande låta på plata må nesten bli "Ash Yggdrasil". Snakk om å skifta mellom rolege, mediterande parti og seig, brutal riffing! Der har du også Garm frå Ulver med som gjest, så det er kult nok i seg sjølv!
"Gleipnir" startar roleg, men omlag 1.30 uti klikkar heile maskineriet og du får omlag eit skip fullt av hakkande galne vikingar etter deg. Iskaldt! På den siste låta, "Naglfar Is Loosed" har dei teke med seg ein gjestevokalist som står meg ganske nærme - Myrkur. Ho her kan synga like bra som den vakraste valkyrie, så det er litt av ein kontrast mellom den brutale skrikevokalen og den vakre reinvokalen! Men jaggu meg funkar det som berre det!! Eg elskar det.
Nei du dette var kjekt! Noko av det betre eg har høyrt på ei stund faktisk. Eg må innrømma at det var vanskeleg å finna dei rette orda i starten når eg skulle skriva om denne, men plata vaks ekstremt på meg dei siste gongene eg høyrde den. Bra greier!
4/5 TRYNER!
-Patrick Fardal