Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Knekklectric - For Mange Melodia

March 09, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Det heile startar med fyrverkeriet «Vi er Mindre». I likheit med fleire av låtane vekslar åpningsporet mellom muntre vers og meir melankolske partier. Med Ålesundsdialekt og humoristisk rett-frå-hjartet tekst viser Knekklectric ei leiken side, som står i fin kontrast til den meir seriøse instrumenteringa. Mykje av bandets særegne stil ligg i nettopp desse kvardagslege, ærlege tekstane, og den naturlege og jordnære måten vokalist Johannes Maaseide formidlar på.

Knekklectric er ikkje «berre» progrock. Bandet badar i ein smeltedigel av ulike inntrykk og sjangermessig ligg dei ein plass mellom The Allman Brothers og Motorpsycho. Sjølv med eit såpass samansatt og variert lydbilete som Knekklectric sitt inne med, klarar dei å halde det ryddig og klart igjennom heile plata. Til tross for relativt komplekse låtar og progressive vendingar er mesteparten også lett å fordøye. Ein ting er sikkert, det oser originalitet og kreativitet av heile skiva.

Bandet held spenninga oppe med mykje variasjon i både intensitet og humør. Dette kjem tydeleg fram mot slutten, på låta «Vestkyst». Den startar med ei rolig Grateful Dead-vibe som plutselig utviklar seg til eit deilig og kaotisk mylder av synth og trommer.

Musikken engasjerer meg stort sett heile tida og det einaste som ikkje fell heilt i smak er låta «Stolpekontroll», det svakaste leddet på plata. Låta i seg sjølv er einsformig og vert fort fantasilaus i kontrast til resten av materialet. Eg synes også det er synd at plata berre er 30 minutter lang, då eg gjerne skulle høyrt endå meir av kva Knekklectric har å by på.

I det store og heile er For Mange Melodia ei livlig og uforutsigbar plate med kun nokre få skavanker. Frisk og utforskande progrock, absolutt verdt å sjekke ut!

4/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Baas

March 09, 2017 /Patrick Fardal
Knekklectric, For Mange Melodia
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!