Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

The Modern Times - This Is The Modern Times

February 09, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Det er ikkje tvil om at kvintetten veit å gjere eit godt førsteinntrykk. Åpningsporet Misery er ei knakande rockelåt som dreg deg rett inn i The Modern Times si funky verd. Eg kan nesten garantere at du trekk på smilebåndet når denne låta sparkar igong med artige stakkatoriff og corny vokal.

Bandet har eit friskt lydbilete. Dei krydrar låtane med både spinkle og skitne riff som gjeng godt ilag. Til tider kan soundet minna om norske Kakkmaddafakka, og på dei mest sentimentale låtane befinn dei seg i nokonlunde same gate som garagerock band, alà The Strokes.

Tekstane er prega mykje av humoristiske utsagn med ein fortvilande undertone. Dei fleste låtane får eit slags bittersøtt preg, mykje på grunn av måten Magnus Vold Jensen angrip dei med ærleg tekst og leiken vokal. Han skapar eit engsteleg men samstundes muntert humør. Det er i mi meining her at mykje av særpreget til bandet ligg. Plata flyt fint vidare igjennom melankolske Depression. Favorittdelen min på plata er nok det frustrerte skriket på stemningsfulle I’ve Got Too Many Friends, herlig.

Plata sine 40 minutt vert nytta godt, og det er hovudsakleg mykje deilig rock som fyller speletida. Det er berre eit par låtar eg ikkje heilt klarar å kome overeins med, då dei kan bli litt dryge. Etter sju låtar byrjar det å verte litt seigt. Whatever og Jesus Christ…  manglar ei viss spenning og identitet og når difor ikkje heilt opp.

The Modern Times klarar likevel å dra i land ei heilstøypt plate og avsluttar med den lengste låta Boredom,  som er alt anna enn kjedeleg. Igjen er det den skarpsindinge og ærlige teksten som imponerar.

“Boredom gave us musicians, and crazy sex positions/

 food is boring, my family has got me snoring”

Bandet er samstemd, og alt sit som spikra. Utanom eit par fillers er dette ei solid rockeskive. Eg vil også anbefale å sjekke dei ut live, garantert god stemning. Unn deg eit snedig stykkje rock med denne debuten!

 3,5/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-jarand Aga Baas

February 09, 2017 /Jarand Aga Baas
The Modern Times, Debutplate, Norsk Rock, Rock, Norsk Undergrunn
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!