Tirades - Vulture
Etter ein strålande debut med fullengdaren Lifetime of Wars er Tirades atter ein gong klare med nytt materiale. Denne gongen har dei tenkt å gjere det litt anleis, då dei skal fyre ut dobbelsinglar utover våren. Dette er det ikkje mange andre som gjer, så det blir både unikt og nyskapande. Og på kvar singel skal dei dra med seg ein gjestevokalist! Først ut er Vulture, og med seg på laget har dei Sectarian Love/Girl Army vokalist Sondre Haug.
Det er ingen tvil om at bandet har gått meir tilbake til dei primitive røtene sine på denne dobbeltsingelen - det er meir organisk, hardare og mindre polert enn fullengdaren. Eg tykte jo debutplata var noko heilt for seg sjølv då, men eg set pris på konseptet dei freistar å få til her. Det er kult med gjestevokalist, og det er tøft å køyre det hardare og fleire hakk mindre "pynta".
Tirades pressar låtane heilt oppi trynet ditt denne gongen. Du kan omlag kjenna vokalist Remi Arefjord spytta deg i fjeset med kvar einaste linje, og gitarane er røffare i kantane og kjappare enn før. Eg likar også vokalen til Haug, sjølv om eg skulle ynskje den låg endå nærmare øyrene mine enn den gjer. Det som fangar meg mest på begge låtane er nok gitarane, for du får servert ein haug med feite riff på desse to låtane.
Det er definitivt noko bra over begge låtane, men om dei fangar meg er ei anna sak. "Forever Abyss" har ein intro som godt kunne vore med på ei svartmetallplate, mens resten opplevast meir som gammal Gallows - iallefall riffmessig. Forutanom dette og eit kult headbangeparti på slutten er den eigentleg ganske "vanleg", det er ikkje så mykje som skil seg ut. Lydbiletet er fantastisk då, det skal seiast. "Aandenoed" er den låta eg likar best - den har ein sinnsvakt feit slutt som er så badass at eg blir heilt mo i beina. Riffa og dei steinharde trommene blanda med Haug sin intense vokal er reint gull!
Tirades har kome opp med eit særs kult konsept som eg gledar meg til å følgje, men eg er ikkje heilt vill av begeistring, sjølv om dette absolutt er solide greier. Gledar meg til neste!
2,5/5 TRYNER!
-Patrick K. Fardal