Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Carnival Kids - s/t

March 03, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Det er aldri feil med ein god dose rock, og Carnival Kids gir deg akkurat det. Dette er absolutt ein trerettars konge-EP som er øyra dine verdig, med blant anna feit riffing, tøff vokal og god produksjon. Ein blir jo ikkje lei slikt!

EP-en sparkast i gong med den desidert råaste låta, "A Happier Lie". Denne har du kanskje høyrt frå før, då den kom ut som singel for ei stund sidan. Eg høyrde den først for nokre dagar sidan, og den har blitt spelt både titt og ofte sidan. Vokalen er definitivt på sitt aller beste her, spesielt på refrenget. Steintøft! Riffa er også i ein heilt eigen klasse her, i tillegg er trommene fantastisk bra spelt inn og produsert skikkeleg.

Det er ein generelt god stim av bra produksjon på instrumenta og bra riff gjennom heile EP-en, men ein ting klarar eg ikkje kome meg forbi. Vokalen på nokre av låtane blir for "fin"! Dette høyres kanskje heilt rart ut for deg, men eg skulle så gjerne hatt den fantastisk feite stemma frå refrenget på førstelåta gjennom heile kalaset. Kall meg hard eller teit, men slik er det. Kanskje den veks på meg? "Worship" er det einaste unntaket - der passar vokalen heilt forbaska perfekt. Vakkert! 

"Vision Of Grace" trur eg kan seiast å vere ein miks av det vakre og det tøffe desse karane skapar saman. Låta hoppar liksom bortover med tøffe instrument, mens vokalisten går litt meir inn i det poppunkete Jimmy Eat World universet. Men eg tykkjer absolutt det funkar godt her, og denne låta gir meg alle dei rette kjenslene. 

Eg likte dette veldig godt. Sjølv om eg heng meg litt opp i vokalen nokre plassar så kan eg ikkje pirka borti noko anna som skurrar for meg. Eg trur denne musikken gjer seg fantastisk bra i live-samanheng, og eg merkar godt at Carnival Kids veit kva dei driv med. 

4/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Patrick Fardal

March 03, 2017 /Patrick Fardal
Norsk Musikk, Carnival Kids, EP, Evig Lyttar
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!