Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Pine Lake - Strangers At Last

March 02, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Med avslappande akustisk gitar dreg Pine Lake deg inn i sin verden med åpningsporet «Cornerstones». Dei tek seg tid til å byggje låta gradvis vidare og introduserer nyansar av nye instrument fram mot slutten. Synthen tilføyer det lille ekstra på mykje av materialet, sjølv om det i hovudsak er ganske gitardrivne komposisjonar. Plata har absolutt eit preg av både indiepop og folk over seg, sjangrar som Pine Lake balanserer på ein fin måte.

Eg får lyst til å setje meg i bilen og legge på veg i timesvis når eg høyrer låtar som «Sunday Night» og tittelsporet «Strangers At Last». Absolutt roadtrip-materiale i mi bok. Bandet har eit godt auge for detaljar og igjen er det synthen som står for mange av dei spanande harmoniane. Med eit beherska og dempa lydbilete, kan Pine Lake minne om artistar som Blaudzun og Fleet Foxes.

Det skal seiast at tekstane held mykje av låtane, spesielt når Pine Lake er på sitt roligaste. Eit godt eksempel er låta «Put Out The Sun» kor Martin Mydske Nilsen forkynnar med behageleg stemme:

You can’t decide whether to cross or to burn the bridges I built /

In the end the name of the game is change or stay the same

Nokre moment vert litt for monotone for min del, som store delar av låta «Friendly Beast». I kontrast til dei elles varierte låtane vert dette anonymt og trøttande. Eg lengtar også litt etter trommene på fleire av låtane, då dei ligg langt bak i lydbiletet og mistar mykje av kreftene sine. Bandet rundar av plata på eit meget melakolsk vis med «Broken Record».

Med smidige popkomposisjonar og noko kjensleladde tekstar har Pine Lake produsert eit lett fordøyelig men også smakfullt stykke pop. Det er ikkje voldsomt nyskapande men absolutt ei godt gjennomført debutplate.

3/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Baas

March 02, 2017 /Patrick Fardal
Pine Lake, Strangers At Last, Evig Lyttar, Norsk Musikk
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!