Hvitmalt Gjerde - Våken
Hvitmalt Gjerde sparkar i gong med full kraft og den kjende og kjære lyden av skarpe, varme riff dansar inn i øyrekanalane med åpningssporet «Fingen». Med rå og upynta stemme drar Johannes Fjelstad showet i gang. Dei første to spora byggjer på ein sommarleg strandvibe og vil nok lokke fram dansefoten hos dei fleste.
Produksjonsmessig er det lite som skil dette frå dei tidlegare platene og bandet held seg stort sett innanfor komfortsona. I det store og heile er det gitaren som held maskineriet i gong med stødige trommer i bakgrunnen. For det meiste går det i kosleg og frisk rock, men med eit tidvis humoristisk preg som kan minne om The Modern Times. Lydbiletet har ei skikkelig gamaldags kjensle over seg, noko eg diggar. Det føles naturleg og reint ut. Dei har verkeleg treft blink med heile sektsitals lyden.
Etter kvart kjem det til syne at Hvitmalt Gjerde har bevega seg i ei litt anna retning med denne plata. Fokuset er teke litt vekk frå den lystige sounden då bandet har leika med element frå både powerpop og indierock. Spor som «Varm Natt» og «Spøkelse» bærer eit mørkare preg enn det ein kanskje er vant til å høyre frå Hvitmalt Gjerde. I tillegg til nyansar av melankoli slår dei til med reinspikka rockelåtar som «Slått Ut» og «Røyk I Øynene».
Andre halvdel av plata er av ein litt rar grunn ikkje fullt så spanande som resten. Eg kjenner meg liksom metta etter 6-7 låtar. Bandet byr på låtar av varierande kvalitet og nokre låtar vert krevande då eg oppfattar dei som litt monotone. Eg lengtar etter noko som stikk seg ut frå lydbiletet og som kunne fange merksemda mi. Samstundes er det verdt å nemne at Hvitmalt Gjerde har jammen opparbeida seg eit karakteristisk uttrykk.
Personleg vert det litt drygt og ein del av det føler eg at eg har høyrt før. Eg trur fansen vil sette stor pris på denne plata, både fordi bandet har utforska nye vegar men også fordi det same gamle rockeuttrykket sit som spikra.
3,5/5 TRYNER!
-Jarand Aga Baas