Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)
Alle Foto: Håvard Nesbø

Alle Foto: Håvard Nesbø

Kvelertak // Ondt Blod (Meieriet 17.03)

March 20, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Konsertmeldingar, Konsertbilete

Eg fekk vere med på noko utruleg for nokre dagar sidan. Kvelertak og Ondt Blod spelte i heimbygda mi, på same forbanna dag! Anar du kor feitt dette var? Eg får frysningar berre eg tenkjer tilbake. Den originale konsertmeldinga mi står i Sogn Avis, men eg har tenkt å skriva litt meir utdjupande her, fordi det er ei sak eg vil ta opp, eller rettare sagt, ein litt lengre introduksjon til sjølve meldinga. (Fotogalleri frå konserten finn du nederst i saka, takk til Håvard Nesbø for feite blinkskot over heile linja!)

Når eg vaks opp i Kaupanger/Sogndal så hadde me eit ganske godt musikkmiljø for metall og punk - me hadde tilogmed eit øvingslokale med nakne damer på veggane og tårnevis med tomme snusboksar på borda. Her fekk eg prøva meg ut som vokalist i bandet Vargtass - me hadde to hits i form av "Leif" og "Støvelen". "Leif va dan einaste i klassen, so ikkje hadde haor på tissetassen! Han e so dritlei ao å venta, han skulle ønskt han va jenta!" Slik gjekk refrenget på den eine hiten vår, som me tok med oss til UKM. Kan du sjå føre deg underteikna ikkje berre synga dette, men skrika det? Ungane heldt seg for øyra på heile første rekke, og dommarane ville absolutt ikkje senda oss vidare. Steintøft! Me delte blant anna øvingslokale med eit anna band kalla Genianalus, som bestod av ein klassekamerat på vokal og nokre eldre karar - dei fekk tilogmed laga plate! Den var dritbra.

Poenget mitt er at musikkmiljøet var på topp før i tida - Windir vart aldri "profetar i eiga heimbygd", men dei satte Sogndal på kartet så det suste. Band som Vreid, Mistur og Cor Scorpii har i seinare tid teke arva vidare (på ein måte), men Windir var verkeleg prikken over i-en. Framleis valfartar det folk til den vetle bygda for å besøka grava til vokalist Terje "Valfar" Bakken! Punken hadde sitt beste band (etter mi meining) i Beinkjør frå Lærdal.

På mange måtar passa eg ikkje inn i Kaupanger, men etterkvart skulle eg koma inn i ein kjernegjeng som høyrte på svartmetall - noko som skulle bli redninga mi. Eg bytta plater, kjøpte t-skjorter og hang i skauen saman med desse noko eldre karane, men dei tok godt vare på meg når eg trengte det. Minna frå den tida sit sterkt framleis, og eg tek alltid fram at platene eg anskaffa meg frå den tida når eg føler for det. Afro, svart frakk, armyboots, torshammar og Immortal-gensar var ofte antrekket mitt på den tida, så du kan godt seie at eg ba om å få det tøft, haha!

No kjem me til poenget med denne introduksjonen: Eg har riktignok budd lenge vekke frå Sogndal, men når eg har kome på besøk eller vore her så klarar eg ikkje sjå eit lidenskapeleg musikkmiljø for undergrunnssjangrar! Kor har metallen blitt av, kor er punken? Kor er skatarane, og kva er det eigentleg ungdomen driv med i dag?  Dei fleste "større" banda har jo blitt såkalla "byfantar" i Oslo og liknande. Det det einaste bandet eg kjem på som har adresse i Sogn er Slegest, og det er heilt sikkert nokon andre også, men kor er dei? I Dvale?! Uansett, sist fredag skulle eg jaggu meg få oppleva Sogndal slik det burde vere, eller iallefall slik eg hugsa det frå Støy-dagane; Kvelertak og Ondt Blod skulle sørga for det. Til alle sogningar; La dykk sjølv bli inspirert!

Eg kan ikkje hugsa sist eg såg så hardt fram til ein konsert på Meieriet – det må ha vore når Turbonegro skulle spela (med Hank) for uendeleg mange år sidan, eller når Støy-festivalen gjekk av stabelen sist. Eg føler meg forferdeleg gammal når eg tenkjer slik, men sånn er det.

Det blei kjapt klart at denne kvelden skulle bli spesiell for meg – då eg i tillegg skulle feira at sida mi, Evig Lyttar, hadde to-årsdag. Difor var det nok litt viktig for meg at alt klaffa, og ikkje minst at publikum skulle ta i mot desse banda på best mogleg måte – for dei to hardtslåande orkestera betyr mykje for meg. Eg har lang fartstid med Kvelertak (sidan 2010), og Ondt Blod har også blitt eit utruleg viktig band for meg sidan eg såg dei når dei danka ut Gallows i Tromsø for nokre år sidan. Dette er to norske band som har sementert sine plassar i den norske musikkscena, og det var med rein, primitiv entusiasme eg såg dei på same plakat i høve Vekao 2017.

Eg skulle ha eit såkalla ”påddkastintervju” med Ondt Blod før konserten (som de får høyra ein av dei neste dagane), så eg møtte opp på Meieriet klokka 2000. Det var allereie ein god del folk der, og sidan Ondt Blod låg litt etter skjema tok eg meg ein hyggeleg prat med nokre av Kvelertak-karane. Når omsider intervjuet var ferdig innspelt og eg hadde fått blitt litt kjent med Ondt Blod gjekk eg for å kjøpa meg ei velfortent pils før konserten.

Det var utruleg godt å sjå at folk møtte opp tidleg denne kvelden, det såg ut til at lokalet kjapt kom til å fylla seg opp, og det var klart at begge banda fekk selt merch både før og etter konserten – for Ondt Blod er det ekstra viktig at folk støttar dei med å kjøpa t-skjorter og liknande, og det var, etter det eg såg, ikkje mangel på cash og kort denne kvelden. Bra saker!

Men no lyt me koma til sakas kjerne – konsertane. Ondt Blod var som sagt litt seint ute med å kasta seg på scena, men når dei først gjekk på så ga dei jo absolutt alt. Frontmann Aslak Heika Hætta Bjørn har noko over seg, ein slags autoritet og ein lidenskap for musikken – dette er blodig alvor. Resten av bandet støtta han opp med solid speling og stålkontroll på instrumenta sine – sjølv den innlånte trommisen Truls Nordbye Olsen (Fanden I Troms, Die A Legend) såg ut til å storkosa seg bak slagverket. Publikum var litt treige med å dra seg fram til scena, men dei kom litt etter litt og til slutt var det full ståhei. Kjente låtar som ”Symbola” og ”Nye Lydspor” slo bra an, den nyaste frekkisen ”Storma” tok tak i meg på den beste måten, men det var under den fantastiske låta ”Finnmark” at det heile eksploderte på Meieriet.  Aslak var uti publikum, instrumenta sat som støypt og alt klaffa. Dette er første gongen dei har spelt i Sogndal folkens, og me må berre få dei attende! 

Så var det klart for hovudbandet Kvelertak. Denne kraftpakka av eit band har mykje erfaring og veit kva dei driv med, og alle som har sett dei frå før veit at det blir liv – det er ikkje uvanleg at halve bandet kastar seg ut i publikum på eit tidspunkt, og det er alltid like kjekt. Det tok litt tid før dei starta, eg trur det var nokre problem med lyden, men når dei først gjekk på så smalt det.

La meg prøva å beskriva det for deg: Tettpakka med folk, me stod om lag som sild i tønner. Ein gjeng med studentar, litt eldre folk, og nokre skikkeleg 80-talsliknande rockarar ikledd dongeri og pelsvestar. Øla flomma som 100 velsmakande dusjar over heile lokalet, og lyden frå bandet slo taket rett til himmels. Kvelertak hadde bokstaveleg tala kvelertak på heile publikum frå start til slutt, og eg trur eg aldri har sett dei så bra før. Kanskje det var fordi eg var så stolt over publikummet, kanskje det var fordi eg smilte frå øyre til øyre gjennom heile greia, eller kanskje det rett og slett berre var ein fest utan sidestykke. Uansett så kjem eg aldri til å gløyma denne kvelden! For ei stemning folkens! Vaktene visste ikkje heilt kva dei skulle gjere stakkars, moshpits og totalt kaos er ikkje vanleg på Meieriet lengre dessverre, men dette skal endra seg no framover, ikkje sant? 

Av låtar så må eg dra fram ”Bruane Brenn”, ”Heksebrann” og ”Kvelertak” som høgdepunkt – sjølv om alt var heilt fantastisk. Når vokalist Erlend Hjelvik drog fram det velkjente flagget og veiva det over publikum fekk eg rein, skjær gåsehud. Magisk!

Alt i alt så var dette den beste kvelden eg har opplevd i Sogndal – nokon sinne. Eg fekk sjå og snakka med to favorittband som begge var på sitt beste, eg fekk endeleg kjenna på at heimbygda mi framleis har metall i blodet sitt, og eg har ikkje vore så stolt over Sogndal på mange år.  Litt irriterande var det at Ondt Blod ikkje fekk meir respons frå publikum i starten då, det skal seiast. Men, tusen takk Vekao, tusen takk Meieriet, tusen takk Kvelertak og Ondt Blod- eg blir varm heilt inn til hjarterota!

4.5/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
_80B0116.jpg
_80B0145.jpg
_80B0160.jpg
_80B0179.jpg
_80B0213.jpg
_80B0259.jpg
_80B0304.jpg
_80B0321.jpg
_80B0365.jpg
_80B0368.jpg
B67I3459.jpg
B67I3446.jpg
_80B0479.jpg
_80B0422.jpg
B67I3854.jpg
B67I3868.jpg
B67I3932.jpg
B67I3937.jpg
_80B0527.jpg
B67I3949.jpg
B67I3993.jpg
B67I4029.jpg
B67I4122.jpg
B67I4142.jpg
B67I4197.jpg
B67I4280.jpg
B67I4407.jpg
B67I4414.jpg
_80B0718.jpg
B67I4789.jpg
B67I4809.jpg
B67I4915.jpg
B67I4977.jpg
B67I5059.jpg
_80B1320.jpg
_80B1319.jpg
B67I5210.jpg
B67I5273.jpg
_80B0116.jpg _80B0145.jpg _80B0160.jpg _80B0179.jpg _80B0213.jpg _80B0259.jpg _80B0304.jpg _80B0321.jpg _80B0365.jpg _80B0368.jpg B67I3459.jpg B67I3446.jpg _80B0479.jpg _80B0422.jpg B67I3854.jpg B67I3868.jpg B67I3932.jpg B67I3937.jpg _80B0527.jpg B67I3949.jpg B67I3993.jpg B67I4029.jpg B67I4122.jpg B67I4142.jpg B67I4197.jpg B67I4280.jpg B67I4407.jpg B67I4414.jpg _80B0718.jpg B67I4789.jpg B67I4809.jpg B67I4915.jpg B67I4977.jpg B67I5059.jpg _80B1320.jpg _80B1319.jpg B67I5210.jpg B67I5273.jpg

-Patrick Fardal

March 20, 2017 /Patrick Fardal
Vekao, 2017, Evig Lyttar, Kvelertak, Ondt Blod, Konsert, Konsertmelding
Framside, Konsertmeldingar, Konsertbilete
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!