Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Barren Womb - Crown Control

April 21, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

For litt sidan hadde me premiere på låta "Leaning Tower Of TISA", ein av 5 frå Barren Womb sin komande EP Crown Control. EPen kjem ut på sjølvaste Record Store Day den 22. april gjennom All Good Clean Records, og er skitten, akustisk og full av det som er bra med støvete western-rock. Banjo folkens. Banjo.

For å gi deg eit lite bilete av kva underteikna tykte om opningssporet "Leaning Tower Of TISA" gjentek eg rett og slett det eg skreiv i premiere-artikkelen: Denne låta er skikkeleg heftig! Ein røff, western-aktig vokal og eit støvete lydbilde du må få med deg uansett kva sjanger du likar. Harde saker frå eit dystopisk univers fullt av pistolduellar og skitne barar midt i ørkenen. Dette stemmer framleis, men no når eg har teke eit stort jafs ut av heile EPen sit eg med eit mykje klarare bilete av kva dette eigentleg er - eit nedstrippa, brutalt ærleg produkt. Du finn ikkje noko fløtepus-vokal her, og du finn ikkje eit reint lydbilete - men i dette tilfellet er det utelukkande positivt. Og du får banjo for alle pengane! Berre det er jo steintøft. 

Og med det har eg eigentleg beskreve heile EPen, utanom siste låt, "Enola". Dette er ei utruleg fin låt, med den mest usminka vokalen eg har høyrt på lang tid. Denne er også meir fyldig enn dei andre, med trommer, gitarar og eit fyldig lydbilete. Veldig bra tekst er det også, og heile låta er med på å dra meg inn i ein historie - eg får litt triste vibber då, det skal seiast. Rundt 3.40 og utover kjem det eit skikkeleg feitt parti som eg godt kunne høyrt fleire gonger! Knall oppbygging. Ellers får du servert eit rått refreng i låta "Freak Flag" og ein rå akustisk gitar i "Telescreen Bible".

Det er ikkje alle låtane på denne EPen som gir meg like mykje. "Leaning Tower Of TISA" er framleis ein favoritt, med "Enola" tett følgjande bak. Men dette er definitivt noko unikt, og Barren Womb har laga ein soundtrack som godt kunne vore med i seriar som True Blood og Hell On Wheels. 

3.5/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Patrick Fardal

April 21, 2017 /Patrick Fardal
Barren Womb, Crown Control, Evig Lyttar, Record Store Day
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!