Kalifornia - Party Track For High School Girls (Ekstrapremiere)
Kalifornia hadde verdspremiere på den nyaste låta si "Party Track For High School Girls" hjå Tete for nokre dagar sidan, og den kjem ut på alle plattformar den 21.april, men før det vil Evig Lyttar gjerne gi deg moglegheita til å høyre den hjå oss også! Ingenting gale med ein liten "ekstrapremiere" vel?
Eg for min del må seie at kvaliteten har stege frå bandets tidlegare EP #TheCoast. Dette høyres meir ut som Kalifornia enn noko anna, og dei har på mange måtar funne seg sjølv. Dette er rein, heftig rock som garantert får deg til å nikke med hovudet og trampe i takt med riffet. Kongerefreng er det også!
Bandet har dette å seie om låta:
"Musikalsk veksler låten mellom dansbare grooves, allsangvennlige
refreng, store gitarharmonier og opera. Tematisk er den en hyllest til
livet, i det elektriske kryssningspunktet mellom AC/DC og Springsteen.
Sammenlagt et perfekt design for å forlenge allerede unødvendige
afterpartys.
PARTY TRACK FOR HIGH SCHOOL GIRLS
80% smooth, 42% feminin, 95% rock og 100% Lamborghini!"
Då gjenstår det berre for deg å trykke play nedanfor. Get lost in the partyzone! Fullengdaren kjem ut hausten 2017. Stay tuned!
-Patrick Fardal