Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Day Of The Jackalope - Shapeshifter

May 09, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Heksekunst Productions

Det er ikkje stort meir enn eit år sidan den sjølvtitulerte EPen deira kom ut, og bandet låter endå fyldigare og samstemd enn før. At bandet har valgt å spele inn live gjev det heile eit mykje friskare preg. Produksjonen er tjukkare, og heilheitsuttrykket held i mi meining ei høgare kvalitet.

Blandinga av blues og stoner er ikkje nødvendigvis ei ny oppfinning, men DOTJ sveisar dette saman på ein kreativ måte. Åpningslåta «Shapeshifter» undergår eit deilig taktskifte som grip lyttaren og sender låta i ei ny retning. Store delar av dette minialbumet hentar drivkrafta si frå skamlaus riffbasert gitar og punchy trommer, noko som aldri er feil i mine øyrer.

For ihuga Clutch fans burde det ikkje ta lang tid å skjøne at Day Of The Jackalope hentar mykje inspirasjon frå nettopp dette bandet. Det er nok ikkje reint tilfeldig at bandnavnet også er henta frå ei Clutch-låt. Dessverre synes eg det vert litt for store likheiter mellom dei to banda på låtar som «Salvager» og «Spite». Det bidrar til at eg slit med å finne noko som stikk seg ut hos DOTJ og det vert difor litt drygt i lengda. Eg vil ikkje kalle det fantasilaust, men meir variasjon skadar ikkje. Samstundes kan den barske vokalen verte noko slitsom etter 4-5 låtar, sjølv om den absolutt formidlar tekstane på ein mektig måte. At bandet har noko å strekkje seg etter er jo i  utgangspunktet ein god ting, vil eg påstå.

Det er likevel mykje positivt å trekke frå dette minialbumet, som at bandet byr på mange knallsterke riff, det er ikkje tvil om at gitaristen beherskar rockeøksa. Dei skal også ha skryt for usedvanlege takt og temposkifter som skapar god dynamikk. Til tross for at ein del av materialet høyres kjent ut, har denne plata vakse på meg. Bandet eig definitivt groove, og det åleine gjer Shapeshifter til ei solid rockeplate.

6/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Baas

May 09, 2017 /Jarand Aga Baas
Day Of The Jackalope, Mini Album, Norsk Undergrunn, Evig Lyttar
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!