For The Love Of Ivy - s/t EP
Big Day Records
Musikken mange høyrer på pleier å bli litt lysare etterkvart som iskald og mørk vinter går over til lys og digg vår, gjerne fordi me treng litt lystigare musikk å høyre på mens me nippar til øl i solsteiken. Her kjem For The Love Of Ivy inn som ein riddar i skinnande rustning - iallefall for dei som likar rockabilly og attitude ved sidan av øla si.
Denne gjengen har så absolutt ikkje funne opp kruttet på nytt, men dei er nok det nærmaste eg kjem My Midnight Creeps, bandet som bestod av blant anna avdøde gitarist/vokalist Robert Burås. Dette kjem klarast fram i låta "Breathless", det er noko røft og tøft over stemninga. Skitne gitarar, reverb og ein vokalist som gir blanke faen i kva du tykkjer om han - for all del altså, det er steintøff vokal, men han er jo over alt i lydbiletet, akkurat som Burås var i My Midnight Creeps.
Lydbilete på desse låtane er stort sett dominert av draumande gitarar, lausslupne trommer og ein svevande vokal som hylar ut lange tonar mellom tekstlinjene, og pesar deg så langt inn i øyregangane at du får frystningar. Som sagt så har ikkje For The Love Of Ivy gjort noko spesielt nytt med sin debut EP, men dei har iallefall mana fram ei stemning som passar perfekt til vår/sommarhygge på stranda, på verandaen eller berre i eit mørkt, innestengt rom.
For meg er det framleis "Breathless" som er favoritten (den kom ut som singel for ei tid tilbake), men eg likar også særs godt "Domina". Det kan til tider bli litt for mykje klang på vokalen, noko som gjer at den hoppar litt inn og ut av lydbilete - dette kan lett opplevast litt slitsamt til tider. Ellers kan det også seiast at låtane for seg sjølv godt kan opplevast litt einsformige, at dei smeltar litt inn i kvarandre. Men gitarane er tøffe, trommene er bra miksa og vokalen er som oftast "prikken over i-en".
Fyr den høgt på anlegget mens du konsumerer ei iskald øl eller ein god sjokolademilkshake og ein skikkeleg amerikansk hamburgar! Eg føler denne musikken kunne gått rett inn i Pulp Fiction, og der et dei burgar og milkshake, ikkje sant? Do it.
3/5 TRYNER!
-Patrick Fardal