Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Great People - Your Friends

May 02, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

At Home Music

I den evigveksande undergrunnsscena myldrar det av band som dette. Heldigvis har desse karane konstruert eit såpass fargerikt lydbilete at dei ikkje forsvinn lett blant liknande band. For mange kunne det ha vore nok å berre kategorisert Great People under den altomslukande men også vage sjangertittelen «indie»… men det hadde sjølvsagt vore for enkelt. For musikkentusiastar som meg sjølv kan eg gladeleg informere at Great People har mykje meir å by på enn som så.

EPen er prega av ei nokså laidback stemning som gjer det lett å trekkje linjer til artistar som Mac Demarco og Mats Wawa. Det låter som ein god miks av ambient og alternativ rock som er ganske lett fordøyeleg, på den gode måten. Førstelåta «This Future» er ei sterk opning som badar i reverb og draumande gitar. Her kjem referansane til Mac Demarco tydeleg fram. Til tross for at dette kanskje er ei av dei sterkaste låtane er den heilheitlege kvaliteten ingen ting å klage på.

Låtar som «I Need To Feel» og «Jump Up And Burn» fungerer som fine pusterom imellom dei røffare partia. Låtvalget er nok bevisst då EPen stadig glir stødig til neste låt. Bandet viser til ei litt meir uoppdragen side på sistelåta, som veks ut i eit majestetisk kaos. Denne herlige sjølvoppløysande låta fungerer som eit svært punktum og markerer slutten på plata.

Til tider kan det kanskje bli litt for stilleståande, men bandet klarar nesten alltid å hente seg inn igjen. Til neste gong må det nok jobbast med å styrke særpreget litt, endå dei klarar å imponere med musikk eg kjenner eg har høyrt før. Sjølv om markedet for denne musikkstilen er ganske metta, overraskar Great People med kreative låtar, god dynamikk og akkurat passe mengde sløv vokal.

Enten du skal på hyttetur, roadtrip eller lider av ei personleg krise fordi du ikkje har sommarvibes endå, er dette eit soundtrack som vil gjere susen.

3,5/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Baas

May 02, 2017 /Jarand Aga Baas
Great People, Your Friends, Evig Lyttar
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!