Timeworn - Venomous High
Fysisk Format
Storslått, episk, litt pompøst og forferdeleg slagkraftig. Dei fleste kan vel einast om at desse orda beskriv Oslobaserte Timeworn godt. Dei hausta god kritikk med sin første fullengdar, og er no tilbake med nummer to, Venomous High.
Før du les vidare ber eg deg om å ta ein kikk på platekunsten over her. Sjå på den då! Kor godt samsvarar ikkje det bilete der med tittelen på plata? Det der er giftige saker altså. Det kan også seiast at kunsten (fargane, stemninga og sjølve bilete) står i stil med musikken du får servert her - dette er heftige saker, både mørkt, melodisk og storslått.
Plata sparkast i gong med låta "Measure Of Gold", som er ei av dei sterkaste spør du meg. Det er ei heftig oppbygging på denne låta, og det heile når eit rungande klimaks rundt 4.30 uti. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal beskriva det, men dei gitarane gir meg så mykje gåsehud at eg nesten må legge meg nedpå av reint riffsjokk.
Timeworn mekkar sin eigen sjanger med denne plata - det er ikkje rein metall eller rein hardcore, men noko litt meir unikt. Reinvokal-koring blanda med heftig skriking og til tider kunstneriske riff som minnar litt om noko avant garde-greier gjer dette til særs spesielle saker. "The Trail", foreksempel - ei overgangslåt som hadde passa perfekt inn i eit sektmøte eller noko liknande, skumle greier. Låta glir fint over i "Black Peak Blues" som minnar meg litt om Enslaved sitt avant garde utslepp med plata Vertebrae. Dette er ikkje naudsynlegvis positivt då, det skal seiast. Men for all del, ei fengjande låt! Blir berre litt rart med den sjelvande reinvokalen som tittar fram frå dei mørke skyene i lydbilete her og der mens riffa så å seie druknar den med makt.
"The Infectious Gloom" var vel den aller første låta me fekk høyre frå den nye plata, og denne slår like hardt no som då eg høyrte den for ei tid tilbake. Riffa er på topp her, og vokalane passar så godt saman at eg kjenner eit kraftig behov for å gjere noko gale med møblemanget rundt meg. Dette er rein slagkraft folkens! Det same kan vel seiast om "Night Of Owls". Steike ta for eit stykke musikk det der er. Om du ikkje får lyst til å headbange til denne tykkjer eg synd på deg! Her kjem også dei råaste trommepartia inn. Eg trur dette er den beste låta på plata eg, saman med "Measure Of Gold". Ein perfekt blanding av hardt og storslått!
Timeworn har definitivt fått til noko bra med sin andre fullengdar, men det er ikkje alt som treff like hardt hjå meg. Eg har tre låtar eg verkeleg, verkeleg diggar på denne plata, mens resten er litt "hit and miss" for meg. Men Venomous High i sin heilheit skapar ei stemning som er så bra at eg uansett må kjøpa den på vinyl - det anbefalar eg at du og gjer.
6,5/10 TRYNER!
-Patrick Fardal