Sår og vakker indiepop Frå LULI
Du har vel kanskje høyrt om Frk.Fryd? Punkeband frå Stavanger! Trommisen der, Julie Enger Børresen starta for ei tid tilbake eit prosjekt så fint kalla LULI, som ho sjølv beskriv som indiepop på stavangersk. Eg elskar dialekt i musikk, så når eg fekk moglegheita til å ha ein premiere på gruppas nyaste låt, "Ka E Greiå?" så hadde eg ikkje noko val.
Eg er også stor fan av ærlege, sårbare tekstar og stemningsfulle lydbilete - her har LULI levert på alle moglege måtar. Alt klaffar og eg får gåsehud frå start til slutt. Teksten er framført på ein måte som ikkje berre er overbevisande, men også brutalt ærleg. Eg trur mange vil kunne kjenna seg igjen i det lyriske her, det gjer iallefall eg. Vokalen blir også løfta opp av eit lydbilete som gir meg frysningar langt ned over ryggen, med den mørke synthen som ligg i bakgrunnen, trommene som held alt på plass, koringa og dei drøymande gitarane som løfter det heile endå eit hakk opp. Denne låta har gått på repeat hjå meg i nokre dagar no, og eg klarar ikkje blir å bli lei!
Sjølv seier Julie dette om "Ka E Greiå?":
- ”Ka E Greiå?" handler om å lure på hva som er meningen med det som skjer, hvorfor en gjør som en gjør og hvorfor tankene og følelsene noen ganger tar over. Låtå representerer en periode livet mitt med mye usikkerhet og skam rundt meg selv og mine relasjoner til andre. Låta har blitt til i bryddstykker, og ble ferdigstilt i studio i Bergen i januar med Yngve Andersen (Blood Command) Tor Arne Vikingstad (Sløtface) ble også med på kor og litt gitar.
Av med lyset, lukk augene og skru høgt på enten anlegg eller eit godt(!) headset. Dette fortjener den beste lyden du kan mane fram!
-Patrick Fardal