Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Rykande fersk stonermetal frå MAMMüTH

May 29, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Kranglephant Records / Ovis Records DA

Outlander er mildt sagt ei massiv plate, og det er nok å forvente av eit namn som MAMMüTH spør du meg. Her snakkar me 1 og ein halv time med knallhard metal, det er mykje å ta inn over seg. Å skildre lyden av dette bandet er ei utfordring i seg sjølv, mykje fordi det er mangfoldige sjangrar og inntrykk å fordøye.

I korte trekk kan eg seie at bandet byggjer lyden sin på både progressiv metal, doom, sludge og stoner, berre for å nemne nokon. Eg kan også trygt seie at her er nært slektskap både mellom namna og lydbileta til Mastodon og MAMMüTH. Første låt ut er «Dead Man’s Trail» som briljerer med høg progfaktor. Den tjukke gitarveggen slår som ei knyttneve i trynet, og slik fortsett det. Dei fire første låtane sit som ei kule og det er mektige saker me snakkar om.

Det som peikar seg ut i første omgang er evna til å sy saman både sjangrar samt ulike partier utan nemneverdige skavanker. Det ligg mykje hardt arbeid bak denne plata. Eg vil ikkje seie at alt her er nyskapande, men desse karane kan definitivt å skrive underhaldande og drivande låtar. Dei eg bit meg spesielt merke i er «Monstrosity», «Circling Vultures» og «Dead Man’s Trail», tre låtar som fangar essensen av MAMMüTH etter mi meining. Første av dei tre fortjener også merksemd for ein riffbuffet utanom det vanlige. Vokalen er også noko eg frydar meg over - rått, melodisk og brutalt er nøkkelord her.

Kvar ei plate har sine svake augneblink og Outlander’s akilleshæl er nok speletida. At nokre låtar er litt langdryge kjem ikkje som noko overrasking sidan me tross alt snakkar om sjangrar som stonermetal og doom, men det er totallengda eg siktar til. Det drep litt av stemninga då eg kjenner meg metta før dei to siste låtane kjem.

MAMMüTH meiner business, ingen tvil om det i allefall. Eg er overtyda om at dette bandet fort kan verte ei norsk eksportvare. Dette er nok ei litt tidkrevande plate, men så fort den kjem under huda på deg vert du ikkje skuffa. Sjekk ut Outlander då vel!

7,5/10 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Jarand Aga Baas

May 29, 2017 /Jarand Aga Baas
MAMMüTH, Outlander, Platemelding, Norsk Metal, Norsk Stoner, Doom, Evig Lyttar
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!