Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

Instrumental nakkesleng med Grant The Sun

August 16, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Det rykande ferske Follobaserte bandet Grant The Sun kom ut med plata si i dag, og beskriv musikken sin som "instrumental metal-ish musikk".

Read More
August 16, 2017 /Patrick Fardal
Grant The Sun, Debut, Norsk Metal, Instrumental
Framside, Platemeldingar
Comment

Den Ultimate Norske Godteposen!

July 11, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Anbefalingar

Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg likar å mekke spelelister - eg har laga mange i mi tid. Men denne tok form etter eg hadde skreve ferdig juni-favorittane mine. Eg starta med dei og bygde berre på. Til slutt blei eg sittande. Alle låtar er valt med omhu, og nokre band har fått fleire låtar enn andre med på lista, men sånn vil det alltid vere. 

Dette er ein miks av heilt rykande ferske tunes og støvete, gamle låtar, med alt mogleg imellom. Det er alt frå hiphop til svartmetall, frå crust til pop, frå punk til hardcore, frå elektronika til doom og stoner. Så det burde jaggu vere noko for alle her!

Poenget er at alt er frå Noreg. Det eg vil du skal gjere er følgjande: Sett denne på shuffle og høyr gjennom det du kan, og kom med tilbakemeldingar i kommentarfeltet! Ser du noko som manglar? gi beskjed, så fiksar me. Dette skal bli den ultimate norske spelelista!! For all del, gjerne abboner på den. då blir eg glad. I tillegg får du då med deg nye låtar som blir lagt til!

-Patrick Fardal

July 11, 2017 /Patrick Fardal
Evig Lyttar, Norsk Hardcore, Norsk Stoner, Norsk Undergrunn, Norsk Pop, Norsk Rock, Norsk Metal, Norsk Metall, Norsk Pønk, Norske Favoritter, Norsk Musikk, Norsk Punk
Framside, Anbefalingar
18 Comments

Rykande fersk stonermetal frå MAMMüTH

May 29, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

MAMMüTH kjem dundrande opp frå undergrunnen med Outlander. Kva er vel betre å kose seg med I solsteiken enn rykande fersk stonermetal?

Read More
May 29, 2017 /Jarand Aga Baas
MAMMüTH, Outlander, Platemelding, Norsk Metal, Norsk Stoner, Doom, Evig Lyttar
Framside, Platemeldingar
Comment

Nidingr - The High Heat Licks Against Heaven

February 24, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Nidingr sender deg på første klasse til Valhall der vald, mjød og brutalitet rådar!

Read More
February 24, 2017 /Patrick Fardal
Nidingr, The High Heat Licks Against Heaven, Platemelding, Norsk Undergrunn, Norsk Metal, Norsk Musikk
Framside, Platemeldingar
Comment
Meltdown-Answers.jpg

Meltdown - Answers

February 20, 2017 by Patrick Fardal in Framside, Platemeldingar

Metall. Det finst fantastisk mange måtar å spele metall på, men ein ting trur eg er felles for dei fleste subsjangrane – riff. Gitarane har like mykje å seie for ei metall-låt som sukker og kanel har å seie for laurdagsgrauten! Nøkkelingrediensen, vil kanskje nokon seie.

Ein ting er i alle fall sikkert. Meltdown har ein haug med feite riff dei trykker i trynet ditt på denne plata. Dette er typiske «headbange seg til nakkesleng» greier som eg er sikker på gjer det fantastisk godt live, og det er ikkje mangel på både magesug og episke parti der ein heilt sikkert kan kjenne på frysningar. «Hollow» er ei slik låt. Den startar roleg og fint med akustisk gitar og går over i noko ganske så rått. Dette er også den einaste låta der reinvokalen faktisk passar inn med resten – her har den funne sin plass, og her burde den blitt.

For eg har ikkje mykje til overs for denne reinvokalen. Den opplevast både klein og heilt feil plassert på mange av dei andre låtane – nesten som at bandet har putta det inn for å mjuke opp lydbiletet! Noko dei absolutt ikkje treng. Nokre plassar høyres det faktisk ut som ein miks mellom Parkway Drive og Iron Maiden, ei blanding eg ikkje er så stor fan av. Spesielt når reinvokalen går opp i det eg trur er falsett – det gir meg gåsehud på heilt feile måtar. Eit eksempel er eit minutt inni «Blackbox Paradise». Ikkje heilt min kopp te, det blir både for pompøst og rart! «Nightmare»  er også ei slik låt. Det er heilt sikkert nokon der ute som likar dette, men eg er nok dessverre ikkje ein av dei.

Men for all del, dei har ein råbra skrikevokal som tek det nokre hakk opp, og gitarane er jo absolutt der dei bør vere, men eg klarar ikkje få noko meir ut av denne plata.

1,5/5 TRYNER

12048956_10153536626656357_1652821620_n-2.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg
15050311_10153856810046695_1822254649_n.jpg

-Patrick Fardal

February 20, 2017 /Patrick Fardal
Norsk Undergrunn, Meltdown, Platemelding, Norsk Metal, Norsk Musikk, Answers
Framside, Platemeldingar
Comment

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!