Pamela Anderson, Baywatch og pubertet med Dårlig Hjort

Pop-punk er ein sjanger som gjer seg best på sommaren, og det er nettopp dette du får i dag her på Evig Lyttar. Dårlig Hjort kjem med EP over sommaren, men har bestemt seg for å sleppe nokre singlar i forkant, den første av dei her hjå oss.

"C.J.P." heiter låta. Den er resultatet av eit ynskje om å laga ein klassisk "no-brainer" pop-punklåt: rask melodisk, upbeat og happy go lucky, som bandet seier sjølv. Ellers så handlar låta om Baywatch og Pamela Anderson miksa med ein god dose pubertet og tenåringsfantastiar. Meir treng vel ikkje seiast? dette er fengjande saker som definitivt går rett inn i sommarlista di!

-Patrick Fardal